Kurs og studietur til flisfyringsanlegg i Sandnes

Tysdag 1. mars kan du delta på kurs om «kvifor etablere gards- og nærvarmeanlegg». Du kan også besøke ulike typar flisanlegg i Sandnes. Her vil det blant anna bli gitt informasjon anna drift av varmeanlegg og Innovasjon Norge sitt Bioenergiprogram.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.02.2016

Arrangementet er opent for alle, og er gratis. Programmet er lagt opp med to tilnærma like sesjonar denne dagen. Ved påmelding skal du velje kva du vil delta på.

Program for dagen: 

10.00

Omvisning på nærvarmeanlegget Bogafjell. Anlegget er eigd av Nærenergi AS og omvisinga blir med Karl Ludvig Ådland.

Oppmøte på anlegget kl. 10.00. Anlegget ligg på Vaglesiden av Bogafjell i enden av Buggelandsbakken. Sjå link til Google Maps for vegvisar frå Helgø Meny ved E39 på Bogafjell.

10.30 Informasjon om drifting av eit nærvarmeanlegg v/ Gunnar Breivik (Ryfylke Bioenegi) på Kronen Gård i Sandnes. Med matservering. 
11.45-13.45 Trebasert Bioenergi-kurs v/ Håvard Midtskogen (Skogselskapet i Oslo og Akershus) og kort informasjon om Bioenergiprogrammet til Innovasjon Norge (v/ Jøran Orstad Johnsen)
14.15 Omvising gardsvarmeanlegg Søredalen. Anlegget til Gunnulf Åreskjold har vore i drift i litt over 1 år. Gården ligg i Søredalen 437 i Sandnes
15.15 Omvising nærvarmeanlegget på Hove boligfelt. Nærvarmeanlegget er eigd av Ryfylke Bioenergi og blir drifta av Gunnar Breivik. Anlegget ligg på Hove. Ta til venstre etter Hove Plantesalg
15.45 Informasjon om drifting av eit nærvarmeanlegg v/ Gunnar Breivik, og kort info om Bioenergiprogrammet til Innovasjon NorgeKronen Gård i Sandnes. Med matservering
17.15 Besøk gardsvarmeanlegg Søredalen. Anlegget til Gunnulf Åreskjold har vore i drift i litt over 1 år. Gården ligg i Søredalen 437 i Sandnes.
18.00 Besøk nærvarmeanlegget på Hove boligfelt. Nærvarmeanlegget er eigd av Ryfylke Bioenergi og blir drifta av Gunnar Breivik. Anlegget ligg på Hove. Ta til venstre etter Hove Plantesalg
19.00 Trebasert bioenergi-kurs med Håvard Midtskogen, og kort informasjon om Bioenergiprogrammet til Innovasjon Norge. Kronen Gård i Sandnes. Med matservering
21.15  Besøk på gardsvarmeanlegg, Bogafjell-anlegget. Anlegget ligg på Vaglesiden av Bogafjell i enden av Buggelandsbakken

 

Dagen blir arrangert av Innovasjon Norge og Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.