Frå binge til buss. Lønsamt biogass-prosjekt på Jæren

Pilotanlegg med høgrate biogassreaktor er under etablering på Jæren. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.09.2015

Det er gamalt nytt at potensialet for produksjon av biogass på Jæren er stort. Men no i 2015 kan vi vere på starten av det historieboka vil omtale som eit stort nyhende – bøndene på Jæren etablerte fleire biogassanlegg, og blei ein viktig leverandør til det grøne skiftet i mat- og energifylket Rogaland.

Piloanlegg i Klepp

I regi av selskapet Jæren Biogass AS, er eit pilotanlegg med høgrate biogassreaktor under etablering på eit gardsbruk i Klepp. Bonde Olav Røysland er dagleg leiar i selskapet.

– Reaktoren for den våte delen av husdyrgjødsla er bestilt, og blir truleg levert om fire veker. Denne reaktoren skal behandle gjødsel med lite tørrstoff. Vi kjem til å separere gjødsla før den går inn i reaktoren. Separeringa gjer det mogleg å justere fosforinnhaldet til det vi ønskjer. Ved separering og bandfilter kan vi få over 90 prosent av fosforet over i tørrstoffet. Den våte bioresten vil då vere ei nitrogenrik gjødsel aktuell for korn- og grasvekstar som har behov for mykje nitrogen, og avgrensa behov for fosfor. Den tørre delen kan vere aktuell for potet og grønsaker, som krev meir fosfor, men ikkje så mykje nitrogen. Reaktoren for den tørre delen blir truleg bestilt innan eit par veker. I tillegg til den tørre fraksjonen av husdyrgjødsla, kan denne reaktoren ta i mot organisk materiale frå landbruket som øydelagt gras, halm, avfall frå grønsaks- og potetproduksjonen osb, fortel Røysland.

Mange samarbeidspartnarar

Jæren Biogass AS har gode samarbeidspartnarar i det interkommunale selskapet IVAR (vass-, avløps- og renovasjonstenester), energi- og telekomkonsernet Lyse, Felleskjøpet Rogaland Agder, Klepp Energi og Rogaland fylkeskommune. Jæren Biogass AS har inngått avtale om å kople seg på Klepp Energi sitt rågassnett frå Sele i Klepp (deponigass). Gassen skal i første omgang nyttast til oppvarming i Klepp Energi sitt fjernvarmenett. Men seinare er planen å forlenge rågassnettet til Grødaland i Hå, der IVAR no bygger biogassanlegg (basert på matavfall) med anlegg for oppgradering av biogassen. 

Og når rågassen frå bøndene sine etterkvart mange biogassanleggg blir oppgradert, ja då blir gassen fasa inn i naturgassnettet – og er klar til å brukast for drivstoff for bussar og andre firhjulingar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.