Klimaklokt landbruk

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 16.09.2022

Temamøte om status for biogassproduksjonen i Rogaland

Enova innvilga ingen søknadar om biogassproduksjon i vår. Ny søknadsrunde er i oktober. Rogaland biogassnettverk inviterer 5. oktober til temamøte om status for biogassproduksjonen i Rogaland. Møtet er digitalt på Teams. 


Publisert 06.07.2022

Viktig med solid avtaleverk i biogassprosjekt

Biogassanlegg basert på landbruket sine ressursar har i dag lite omfang i Norge. Men alt tyder på at det framover kjem til å bli etablert nye anlegg av ulike storleikar, som er basert på ulike substrat. Med fleire aktørar involverte kan kompleksiteten i slike anlegg fort bli stor, noko som føreset gode avtaleverk i botn.


Publisert 07.06.2022

Rogaland biogassnettverk inviterer til møte om avtalar med biogassanlegg og bondeorganisering

Korleis kan gode avtalar sikre interessene til både bønder og biogassprodusentar? Rogaland biogassnettverk arrangerer digitalt temamøte 20. juni der dei ser på kva avtalane må innehalde, og korleis bøndene kan organisere seg.   


Publisert 13.05.2022

Biogass – inspirasjonstur til Danmark

Rogland biogassnettverk var på inspirasjonstur til Danmark 3.–4. mai 2022. 29 deltakarar fekk god kunnskap om bygging og drift av biogassanlegg. Våre danske naboar har kome langt i satsinga, og har ambisjonar om at biogass skal vere hovudkjelda i det nasjonale gassnettet innan kort tid.  


Publisert 22.02.2022

Regjeringen ønsker innspill om Bionova

Regjeringen har satt i gang arbeidet med å etablere Bionova og inviterer alle relevante aktører til å komme med innspill til arbeidet.


Publisert 21.02.2022

Stor interesse for solenergi i landbruket

Solkraft på landbruksbygg – våre nye fossefall? Mange bønder i Rogaland er nyfikne på solenergi frå eige gardsbruk. Er det lønsamt for meg? Kor mykje kan eit anlegg på mitt løe-tak produsere? Får eg støtte til investeringa? Desse spørsmåla og mykje meir har ein møteserie om solenergi frå landbruket prøvd å gi svar på i løpet av hausten 2021.


Publisert 15.12.2021

26 av 97 millionar til to spanande forskingsprosjekt innan landbruk i Rogaland

Landbruks- og matminister Sandra Borch seier at forsking gir resultat som lønar seg, og prosjekta frå Rogaland som skal utvikle metodar for å fange og nytte CO2 i veksthus og utvikle betre grovfôr blir særleg framheva.


Publisert 10.12.2021

Fleire produksjonar inkludert i landbruket sin klimakalkulator

Nyleg blei Landbruket sin klimakalkulator utvida til å inkludere produksjonane ammeku, potet og kylling. Klimakalkulatoren er eit viktig verktøy for å finne tiltak som kan redusere utslepp av klimagassar frå gardsbruk. Bønder som har fått klimaråd kan søkje regionalt miljøtilskot til å dekke kostnadar til rådgiving. 


Publisert 10.12.2021

Temamøte om biorest, regelverk og mattryggleik

Rogaland biogassnettverk inviterer til digitalt temamøte 11. januar. Her vil Mattilsynet orientere om generelle krav til biogassproduksjon, og kva signal det er frå EU om endringar i regelverk. Landbruks- og matdepartementet vil snakke om handtering av biorest i pågåande revisjon av gjødselvareforskrifta. 


Publisert 02.11.2021

Opptak av webinar: Slik kan kommunane i Rogaland stille klimakrav i offentlege innkjøp

Gjekk du glipp av webinaret? Då kan du sjå det i opptak her. Offentlege innkjøp utgjer om lag 16 prosent av totalt klimafotavtrykk i Noreg, og det er klare forventingar til at kommunane og andre offentlege instansar stiller miljø- og klimakrav når dei kjøper inn varer og tenester.