Seminar om trefjøs 1. mars 2018

Dato:
1. mars 09:45 - 15:15
Stad:
Riska Sagbruk, Hommersåk
Ansvarleg:
Rogaland Skognæringsforum, Norsk Landbruksrådgjeving, Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Bygg-, tre- og landbruksnæringen
Påmeldingsfrist:
19.02.2018 23:59:00
Landbruket og byggenæringa møtast til fagseminar om trefjøs 1. mars
Landbruket og byggenæringa møtast til fagseminar om trefjøs 1. mars

Vurderer du ombygging eller nytt landbruksbygg? Eller ønsker du å lære meir om korleis tre kan brukast på nye og kostnadseffektive måtar? Bli med på seminar om trefjøs 1. mars!

Bygging i tre kan gi gode, funksjonelle løysingar som ikkje treng å koste meir enn konvensjonelle landbruksbygg.

På seminaret kjem blant anna bønder, produsenter og rådgjevarar som vil dele sin kompetanse og sine erfaringar med trefjøs. Inkludert i seminaret er også ei omvising i eit sauehus av tre.

 

Program

09.45 Velkommen v/ Gerd Inger Aarnes, Rogaland Skognæringsforum

09.50 Kvifor velge landbruksbygg i tre? Fordeler og utfordringar v/ Joacim Laurendz, byggerådgivar i NLR Rogaland

10.10 Tips og inspirasjon av trefjøs v/ Svein Åge Vangdal, bygningsrådgivar i TINE

10.35 Støtte til landbruksbygg i tre v/ Aart Magnussen, Innovasjon Norge Rogaland

10.45 Kaffi

11.00 Mitt drøymefjøs - ein bildepresentasjon v/ Svein Narve Veshovda, bonde i Eigersund. Veshovda presenterer sitt utradisjonelle landbruksbygg som huser ammekyr. Bygget til 1,5 millionar kroner står fritt til å kopierast av andre bønder, og kallast for "Narvebygget"

11.20 Lunsj

12.00 Presentasjonsrunde leverandørar:

  • Riska Sagbruk: Byggesett med innovativ dryppekant
  • Narvebygget: Eit universalbygg for framtida v/ Svein Myklebust i JaTak
  • Innovasjonstre AS: Tre forskjellige leverandørar med tre ulike løysingar: Solem Sag som produserer slepplaft, Kvatro som lager reisverk, takstolar og takelement, Møre Tre v/ Magne Løvfaldli
  • Møre Tre: Massivtreelement og reisverk v/ Nils Ove Bruset

14.00 Omvising i sauehus i tre: Arnfinn Auestad tar oss med på ei omvising i fjøset for å vise korleis eit sauehus i tre kan sjå ut, kva løysingar han har valt, og korleis det har gått i dei fire åra bygget har vært i bruk v/ Arnfinn Auestad, Indre Lima

15.15 Slutt

 

Påmelding

Sjå nettsida til seminaret for påmelding og oppdateringar. Frist for påmelding er 19. februar.

Seminaret arrangerast av Rogaland Skognæringsforum i samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving. Arrangementet er støtta av Fylkesmannen i Rogaland. Andre samarbeidspartnarar er Nortura, TINE, Riska Sagbruk, JaTak, Innovasjonstre, MøreTre, Solem Sag og Kvatro.

Dato:
1. mars 09:45 - 15:15
Stad:
Riska Sagbruk, Hommersåk
Ansvarleg:
Rogaland Skognæringsforum, Norsk Landbruksrådgjeving, Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Bygg-, tre- og landbruksnæringen
Påmeldingsfrist:
19.02.2018 23:59:00

Kontaktpersonar