Kurs i regelverket for minoritetspråklege i grunnopplæringa

Kva reglar gjeld for minoritetspråklege barn i skolen og i barnehagen?
Kva reglar gjeld for minoritetspråklege barn i skolen og i barnehagen?

Høgskolen på Vestlandet inviterer til ei gjennomgang av regelverket for minoritetsspråklege barn og unge i grunnopplæringa. Kurset er i Haugesund den 14. desember 2017  kl. 13.00 - 15.30

Kurset gir ein gjennomgang av regelverket i grunnopplæringa knytt til minoritetsspråklege elevar sine rettar. Mellom anna vil ein sjå på reglane for særskilt norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og morsmålsopplæring i grunnskulen og vidaregåande opplæring, samt grunnskule for vaksne. Ein vil også komma inn på reglane for sakshandsaminga. 

Føredragshaldar

Una Bjørnseth Haugen, rådgivar i utdanningsavdelinga, Fylkesmannen i Rogaland.

Målgruppe

Leiarar i grunn- og vaksenopplæringa, dei som er ansvarlege for eller driv med særskilt språkopplæring, eller som tenkjer at dei vil inn i slike oppgåver.

Påmelding

Frist for påmelding er  08.12.2017

 

Dato:
14. desember 13:00 - 15:30
Stad:
Høgskolen på Vestlandet, Campus Haugesund, Auditorium B
Ansvarleg:
Høgskolen på Vestlandet
Målgruppe:
Tilsette i grunnopplæringa og kommunalt tilsette som arbeider med minoritetsspråklege..
Påmeldingsfrist:
08.12.2017 23:00:00

Kontaktpersonar