Inspirasjonsdag om flisfyring i Vindafjord

Dato:
17. november 10:00 - 15:30
Stad:
Vindafjordhallen, Nedre Vats
Ansvarleg:
Rogaland Skognæringsforum, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Norsk Landbruksrådgivning
Målgruppe:
Gardbrukarar, tilsette i landbruksforvaltinga
Påmeldingsfrist:
08.11.2017 23:00:00

Driv du gard? Vil du finne ut meir om flisfyringsanlegg som oppvarmingskjelde på garden din? Bli med på inspirasjonsdag i Vindafjord 17. november.

Rogalad Skognæringsforum og Fylkesmannen i Rogaland arrangerer fagdag for gardbrukarar og andre interesserte. Her får du ei innføring i drift av gardsvarmeanlegg av ein dyktig kurshaldar, besøke ein gard med flisfyringsanlegg, samt informasjon om støtteordninga til Innovasjon Norge.

Nytt i år er at deltakarane på arrangementa vil få tilbod om gratis individuell rådgiving. Dersom du lurer på om flisfyring kan være aktuelt på din gard så kan dette være god hjelp for å komme i gang med planlegginga og søknad om støtte.

Les meir om dei ulike arrangementa under. Påmelding innan 8. november e-post til Rogaland Skognæringsforum eller telefon 952 10 357.

  

Fredag 17. november kl. 10.00 - 15.30

Stad: Vindafjordhallen, Nedre Vats

Program:

10.00 Velkommen v/ Karl Ludvig Ådland, Rogaland Skognæringsforum

10.10 Flisfyringsanlegg på garden: Praktiske løysinger og lønnsemd v/ Håvard Midtskogen, Skogselskapet i Oslo og Akershus

11.00 Lunsjservering

11.30 Kurset held fram

13.00 Besøk på flisproduksjonsanlegget til Arild Urdal, Øvre Vats. Urdal produserer flis på ein profesjonell og effektiv måte

14.30 Besøk på gardsvarmeanlegget til Kjell Thomas Kirketeig, Ølen. Kirketeig hadde tidlegare gassfyring, og har bygga om til flisfyring på ein smart måte. Han varmar opp grisehus, to bustadar, samt varmtvannet på garden sin.

15.30 Slutt

 

Deltakaravgift kr 500.

Dagane blir arrangert av Rogaland Skognæringsforum og Fylkesmannen i Rogaland, i samarbeid med Norsk landbruksrådgivning. Arrangementet er støtta med midlar frå Innovasjon Norge.

Dato:
17. november 10:00 - 15:30
Stad:
Vindafjordhallen, Nedre Vats
Ansvarleg:
Rogaland Skognæringsforum, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Norsk Landbruksrådgivning
Målgruppe:
Gardbrukarar, tilsette i landbruksforvaltinga
Påmeldingsfrist:
08.11.2017 23:00:00

Kontaktpersonar