Inspirasjonsdag om flisfyring i Sandnes

Dato:
16. november 10:00 - 15:00
Stad:
Riska Sagbruk, Hommersåk
Ansvarleg:
Rogaland Skognæringsforum, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Norsk Landbruksrådgivning
Målgruppe:
Gardbrukarar, tilsette i landbruksforvaltinga
Påmeldingsfrist:
08.11.2017 23:00:00

Driv du gard? Vil du finne ut meir om flisfyringsanlegg som oppvarmingskjelde på garden din? Bli med på inspirasjonsdag i Sandnes 16. november.

Rogalad Skognæringsforum og Fylkesmannen i Rogaland arrangerer fagdag for gardbrukarar og andre interesserte. Her får du ei innføring i drift av gardsvarmeanlegg av ein dyktig kurshaldar, besøke ein gard med flisfyringsanlegg, samt informasjon om støtteordninga til Innovasjon Norge.

Nytt i år er at deltakarane på arrangementa vil få tilbod om gratis individuell rådgiving. Dersom du lurer på om flisfyring kan være aktuelt på din gard så kan dette være god hjelp for å komme i gang med planlegginga og søknad om støtte.

Les meir om dei ulike arrangementa under. Påmelding innan 8. november e-post til Rogaland Skognæringsforum eller telefon 952 10 357.

 

Torsdag 16. november kl. 10.00 - 15.00

Stad: Riska Sagbruk, Hommersåk i Sandnes

 Program:

10.00 Velkommen v/ Karl Ludvig Ådland, Rogaland Skognæringsforum

10.10 Flysfyringsanlegg på garden: Praktiske løysinger og lønnsemd v/ Håvard Midtskogen, Skogselskapet i Oslo og Akershus

11.00 Lunsjservering + Riska sagbruk snakker flis

11.30 Kurset held fram

13.30 Aart Magnussen frå Innovasjon Norge fortel om støtteordninga for gardsvarmeanlegg

13.45 Besøk på gardsvarmeanlegget til Arnt Magnar Stokka, Hommersåk. Stokka bruker anlegget til å varme opp to fjørfehus, to bustadar og eit forsamlingslokale. Han produserer også flisa til anlegget og til sal.

15.00 Slutt

 

Deltakaravgift kr. 500 

Dagen blir arrangert av Rogaland Skognæringsforum og Fylkesmannen i Rogaland, i samarbeid med Norsk landbruksrådgivning. Arrangementet er støtta med midlar frå Innovasjon Norge.

Dato:
16. november 10:00 - 15:00
Stad:
Riska Sagbruk, Hommersåk
Ansvarleg:
Rogaland Skognæringsforum, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Norsk Landbruksrådgivning
Målgruppe:
Gardbrukarar, tilsette i landbruksforvaltinga
Påmeldingsfrist:
08.11.2017 23:00:00

Kontaktpersonar