Oppsummering av Vipe-nar

Dato:
24. juni 2020 13:00 - 14:00
Stad:
Teams-møte
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Alle som er interessert i vipa, og vil høyre om tiltaka som er gjort i Rogaland i 2020

Her kan du lese om tiltaka som blei presenterte under Fylkesmannen sitt webinar om vipa, mellom anna varmesøkande droner til lokalisering av lokalisere vipereir og "vipediskar" til  miljøvenleg gjødselspreiing. 

Informasjon og møte 

I presentasjonen til Margit Reiersen kan du lese om aktivtetene i 2020: 

  • fagdag på Undheim
  • kveldsmøte i Tysvær
  • Midtsidevipe i Bondevennen
  • Møte om miljøvenleg gjødselspreiing 
  • samarbeid med Jæren jeger og fisk
  • utsetting av revebåsar 

Bruk av varmesøkande drone til kartlegging av vipereir

NLR Rogaland har i samarbeid firmaet Funtek undersøkt om droner kan nyttast til å finne vipereir. Bjørg Karin Dysjaland i NLR Rogaland meiner det skal gå, men at det framleis er eit stykke fram. 

"Vipedisker" ved miljøvenleg gjødselspreiing 

Agromiljø har fått utvikla vipedisker til å legge over vipereir under køyring med slepeslangar. 50 diskar blei laga denne våren og entrepenørar og bønder har testa dei ut. Vipediskane blei støtta med SMIL-midlar. Signalene vi har fått er at dei ligg stabilt og toler at slepeslangen blir dratt over reiret. 

Her kan du sjå korleis det fungerer: 

 

Dei i Rogaland som er interesserte i å teste ut vipediskar våren 2021 kan ta kontakt med Monica Dahlmo.  Vi vil koordinere slik at vi får ei samla bestilling. Vi ser også på om vi kan støtte vipediskene økonomisk med miljømidlar. 

Interesserte i andre fylke kan ta kontakt med Agromiljø. Vi anbefaler at det går ei samla bestilling frå fylket, då desse framleis ikkje er hyllevare.  

Dato:
24. juni 2020 13:00 - 14:00
Stad:
Teams-møte
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Alle som er interessert i vipa, og vil høyre om tiltaka som er gjort i Rogaland i 2020