Konferansen for livslang læring

Dato:
5. juni 2019 09:30 - 15:15
Stad:
Clarion Hotel Energy
Ansvarleg:
Rådet for livslang læring i Rogaland
Målgruppe:
Alle som er opptekne av kompetanseutvikling og at læring gjeld heile livet
Påmeldingsfrist:
22.05.2019 23:00:00
Konferansen for livslang læring har som mål å setje overordna utfordringar i vaksenopplæringa og arbeidslivet på dagsorden (Foto: Joseph Patrick )
Konferansen for livslang læring har som mål å setje overordna utfordringar i vaksenopplæringa og arbeidslivet på dagsorden (Foto: Joseph Patrick )

Rogaland satsar på vaksenopplæring! Rådet for livslang læring inviterer derfor til konferansen for livslang læring den 5. juni 2019; Livslang læring i utdanning og arbeidsliv.

Vi ønskjer at alle vaksne skal ha naudsynt kompetanse som gir dei utdanninga og arbeidet dei vil ha, og at dei blir i arbeidslivet. Konferansen for livslang læring har som mål å setje overordna utfordringar innan vaksenopplæring og arbeidslivet, på dagsordninga.

Tema for konferansen

Konferansen tar utgangspunkt i kompetanseheving som ressurs i utdanning og på arbeidsplassen. Tom Erlend Skaug kjem frå Kunnskapsdepartementet og fortel om Nasjonal kompetansepolitisk strategi 2017-2021. Kunnskapsdepartementet har etablert eit ekspertutval som skal undersøka kva behov som finnst for etter- og vidareutdanning i dag, og om utdanningssystemet er i stand til å møte arbeidslivet sine behov for fleksibel kompetanse. Deira ferske NOU vil bli presentert på konferansen av leiar av eksperutvalet, Simen Markussen.

Fylkeskommunen vil fortelje om korleis dei ser si rolle framover og gi eit lokalt blikk på korleis regionsreforma skal gjere Rogaland betre rusta til å handtere utfordringane i samfunnet.

Vi får og høyre om:

  • Vurdering av vidaregåande opplæring i dag, og kva endringar som må til for å førebu elevane på livslang læring.
  • Overgangsordningar og tilrettelagte løp frå tekniske fagskoleutdanningar til ingeniørutdanningar
  • Praktiske eksempel på kompetanseutvikling i bedrifter
  • Korleis søke om og nytte kompetanse Pluss midlar

Program

Last ned program

Tid og stad:

5. juni 2019 kl 09.30 -15.15 Clarion Hotell Energy

Pris

Kr. 700 per person. Blir fakturert etter konferansen

Påmelding

Bindande påmelding på skjema nedanfor innan 15. mai 2019.

Du vil motta e-post som bekreftar di påmelding.

 

Dato:
5. juni 2019 09:30 - 15:15
Stad:
Clarion Hotel Energy
Ansvarleg:
Rådet for livslang læring i Rogaland
Målgruppe:
Alle som er opptekne av kompetanseutvikling og at læring gjeld heile livet
Påmeldingsfrist:
22.05.2019 23:00:00