Velkommen til Victoriamøtet 2018

Frå Victoria-møtet i 2014
Victoria-møtet er eit årleg møtepunkt mellom kommunane og Fylkesmannen. Arkivfoto. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

KS og Fylkesmannen inviterer til det årlege kontaktmøtet mellom Fylkesmannen og KS i Rogaland torsdag 13. desember. Merk at møtet er flytta i år.

Kontaktmøtet har i årevis gått under namnet Victoriamøtet, ganske enkelt fordi det har funne stad på Victoria Hotel i Stavanger. I år er det verdt å merka seg at møtet er flytta til Clarion Hotel Stavanger

Rogalandskommunane er i ferd med å inngå eit unikt samarbeid om digitalisering og kompetanse. Dette blir eit heilt sentralt tema under årets møte. 

Det komplette programmet og påmeldingsskjemaet finn du på KS si nettside.