Velkommen til Victoriamøtet 2017!

Frå Victoria-møtet i 2014
Victoria-møtet er eit årleg møtepunkt mellom kommunane og Fylkesmannen. Her frå møtet i 2016. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

KS og Fylkesmannen inviterer til det årlege kontaktmøtet mellom Fylkesmannen og KS i Rogaland torsdag 7. desember. Påmeldingsfristen 12. november. 

Møtet finn som vanleg stad på Victoria Hotel i Stavanger. Det er ikkje utan grunn at møtet går under namnet Victoriamøtet.

Trygt og godt skulemiljø

Stortinget endra bestemmelsane om skulemiljø og mobbing i opplæringslova, med verknad frå 1. august 2017. Hjalmar Arnø orienterer om Fylkesmannen sitt arbeid som følge av lovendringa - og kva dette betyr for kommunane. 

Tilsyn, forureining og nestenkatastofe

Årets kontaktmøte mellom kommunane og Fylkesmannen skal dessutan dreia seg om samordning av tilsyn, akutt forureining, grønt skifte i praksis, sirkulærøkonomi - og korleis Tide Carrier-epiosoden blei handtert. Det gjekk godt, men kunne endt med ei miljøkatastrofe langs jærkysten. 

Det komplette programmet og påmeldingsskjemaet finn du på KS si nettside. 

Bindande påmelding innan 12. november.