Er det store eller små kommunar som tar best vare på innbyggarane?

Det er eitt av dei mange spørsmåla det skal svarast på når Fylkesmannen i Rogaland inviterer til samling om kommunestruktur 18.juni

For å få eit betre kunnskapsgrunnlag om kva verdiar kommunane legg vekt på, om ulike syn på kommunestrukturen og på utfordringane i kommunane, gjennomfører forskingsinstituttet NORCE, i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland, ei brei kartlegging. NORCE gjennomførte denne undersøkinga rett før påske blant politikare, administrative leiarar og dei hovudtillitsvalte i alle kommunane i Rogaland. Det har kome inn over 800 svar, og desse blir presenterte av Einar Leknes og Hilmar Rommetvedt frå NORCE (tidligare IRIS)

Kva har me spurt om?

  • Blir innbyggjarane sitt behov og interesser varetekne best i store eller små kommunar?
  • Kommunale tenester: Er det kvalitet eller økonomi som tel?
  • Kva meiner politikarar, administrative leiarar og hovudtillitsvalde om kommunestruktur no?
  • Kan innføring av bydels-/kommunedelsutval med større fullmakt gjere ny kommunestruktur meir akseptable?
  • Små kommunar kan ha problem med kapasitet og kompetanse på spesialiserte område. Gjeld dette større kommunar også?
  • Korleis er samarbeidsklimaet mellom kommunane i fleirkommunale byområde?
  • Bør kommunegrensene justerast for å unngå oppdeling av lokalsamfunn, eller kan interkommunalt samarbeid løyse utfordringane i slike område?

Kommunal- og moderniseringsdepartementet orienterer om arbeidet med kommunestrukturen. Ynge Flo, som mellom anna er forskar i NORCE, informerer om erfaringa frå kommunereforma, både nasjonalt og i Rogaland. Forskar Stine R. Nygård frå UiS informerer om prosjektet Nabopraten, som er gjennomført på Jæren. Det blir og informasjon om arbeidet med dei nye kommunane i Rogaland (Stavanger/Finnøy/Rennesøy og Sandnes/Forsand).

Dersom du ynskjer å delta, kan du melde deg på eller få meir informasjon på nettsidene våre.