Kommunestruktur: Samarbeidsavtale med NORCE

Det er framleis behov for å sjå på kommunestrukturen, meiner regjeringa.
Korleis bør den framtidige kommunestrukturen i Rogaland vera? Fylkesmannen og forskingsinstituttet NORCE har inngått ein samarbeidsavtale. (Foto: James Stott / Fylkesmannen i Rogaland)

Fylkesmannen i Rogaland og forskingsinstituttet NORCE har skrive under ein samarbeidsavtale om arbeid med kommunestrukturspørsmål. Første del av prosjektet er å gjennomføra ei brei undersøking i kommunane.

Prosjektet Rogalandskommunene og kommunestrukturspørsmålet er eit ledd i oppdraget vårt om å arbeida vidare med spørsmålet om framtidig kommunestruktur i Rogaland. I dette ligg det å stimulera til diskusjonar om utfordringar i dei enkelte kommunane. Dette arbeidet blir nå gjort i samarbeid med NORCE Samfunn.

Forpliktande samarbeid i 2019

Fylkesmannen har tidlegare hatt eit samarbeid med NORCE Samfunn (tidlegare Iris) i arbeidet med kommunestrukturspørsmål, og me har i dette høvet valt eit meir forpliktande samarbeid som gjeld for 2019. Det er delt inn i to delar:

  • Spørjeundersøking - alle kommunar får eit spørjeskjema.
  • Samanliknande analyse. Samanlikning av undersøkinga og faktabasert vurdering.

Fylkesmannen skal også bruka ressursar på dette arbeidet. Det er lagt opp til eit seminar for alle kommunane i fylket i juni, der resultatet blir presentert.

Små og store kommunar har ulike utfordringar

I samarbeidet skal me særleg vektleggja utfordringar i dei mindre kommunane, knytt til kapasitet og kompetanse på viktige fagområde, og på samordningsutfordringar i «fleirkommunale» byområde.

Kommunane blir utfordra nå i mars

Spørjeundersøkinga i kommunane blir gjennomført nå i løpet av mars 2019, og spørsmåla blir retta både til politikarar og personar i administrasjonen. For å få best mogleg utbytte av prosjektarbeidet, er det viktig at kommunane prioriterer å svara på spørsmåla. Det kjem meir informasjon om undersøkinga.

Prosjektomtalen og samarbeidsavtalen finn du som vedlegg til nettsaka.