Innbyggarhøyring i Karmøy kommune: 65 prosent ønsker ikkje ei grensejustering

Det viser innbyggarhøyringa som Opinion har utført for Fylkesmannen i Rogaland. Eit fleirtal av innbyggarane på fastlandsdelen av Karmøy (65 prosent), ønsker altså ikkje ei grensejustering slik at området dei bur i blir ein del av Haugesund kommune.

27 prosent av innbyggarane ønsker ei grensejustering. Bakgrunnen er eit oppdrag Kommunal- og moderniseringsdepartementet gav Fylkesmannen. Ønsker folk i denne delen av Karmøy å tilhøyra Haugesund eller Karmøy?

Opinion gjennomførte undersøkinga i perioden 17. juni til 20. juni.

Kor mange svarte?

Det bur rundt 9 000 innbyggarar i det aktuelle området av Karmøy kommune (fastlandsdelen).

600 personar over 18 år svarte på undersøkinga. Det blei sett kvoter per grunnkrins, basert på innbyggartalet i kvar grunnkrins. Samansettinga av utvalet i undersøkinga speglar dermed den faktiske befolkningssamansetninga i kvar grunnkrins på fastlandsdelen av Karmøy.

Det er lite som skil menn frå kvinner i svara, men undersøkinga viser at motstanden mot ei grensejustering er størst blant dei under 40 år.

Spørsmålet som blei stilt

– Ønsker du ei grensejustering av fastlandsdelen av Karmøy, slik at området du bur i blir ein del av Haugesund kommune?

  1. Ja
  2. Nei
  3. Veit ikkje/usikker

Slik fordelte svara seg

  1. Ja: 27 prosent
  2. Nei: 65 prosent
  3. Veit ikkje/usikker: 8 prosent

Rapporten frå undersøkinga er lagt ved denne nettsaka.