Er det skilnad på tenestetilbodet mellom store og små kommunar i Rogaland?

Det var eitt av dei mange spørsmåla det blei svart på då Fylkesmannen i Rogaland inviterte til samling om kommunestruktur 18. juni i Stavanger.

Fylkesmannen i Rogaland har gjort ei brei kartlegging i kommunane, i samarbeid med forskningsinstituttet NORCE (tidlegare IRIS). Målet er å få eit betre kunnskapsgrunnlag om kva verdiar kommunane legg vekt på, om ulike syn på kommunestrukturen og på utfordringane i kommunane.

NORCE har sendt ut spørjeskjema til politikarar, administrative leiarar og dei hovudtillitsvalte i alle kommunane i Rogaland. Det kom inn rundt 900 svar, og resultata blei presenterte av Einar Leknes og Hilmar Rommetvedt frå NORCE. 

Her er nokre av spørsmåla:

  • Blir innbyggjarane sitt behov og interesser varetekne best i store eller små kommunar?
  • Kommunale tenester: Er det kvalitet eller økonomi som tel mest?
  • Kva meiner politikarar, administrative leiarar og hovudtillitsvalde om kommunestruktur no?
  • Kan innføring av bydels-/kommunedelsutval med større fullmakt gjere ny kommunestruktur meir akseptabele?
  • Kva med kapasitet og kompetanse på spesialiserte område i små og store kommunar?
  • Korleis er samarbeidet mellom kommunane i fleirkommunale byområde?
  • Bør kommunegrensene justerast for å unngå oppdeling av lokalsamfunn, eller kan interkommunalt samarbeid løyse utfordringane i slike område?

Kompetanse og kapasitet er ei utfordring uansett kommunestorleik

Undersøkinga viser at avgrensa kapasitet og manglande kompetanse innan oppvekst og helsesektoren er ei like stor utfordring i store kommunar som i små kommunar i Rogaland. Geografisk lokalisering og økonomien blir vurderte å vere viktigare årsaker til utfordringane til kommunane enn kommunen sin storleik. Undersøkinga viser vidare at usemje mellom kommunane om areal og transportpolitikk i fleirkommunale byområde representerer ei utfordring.

Reform utan tidsgrense

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet, ved ekspedisjonssjef Sølve Monica Steffensen, orienterte om arbeidet med kommunestrukturen og utfordra kommunane til å framleis ha eit blikk på kommunestrukturen framover. Forskar Yngve Flo orienterte om erfaringar frå kommunereforma nasjonalt og i Rogaland.

Forskar Stine R. Nygård frå Universitetet i Stavanger informerte om prosjektet Nabopraten. Ho presenterte omgrep henta frå si forsking på «Nabopraten» som fann stad under kommunereforma i Rogaland. Eit av orda var sentralstyrt autonomi som beskrivande for prosessen med sentralstyrte målsettingar – og med lokal vetorett.

Presentasjonane frå samlinga ligg som vedlegg til denne nettsaka.