Vidare naboprat mellom Sola, Sandnes og Stavanger

Sola, Sandnes og Stavanger er nå inne i ein god fase med naboprat. Møtet i går var eitt av fleire treffpunkt denne våren. Dette er tråd med det Stortinget forventar av kommunane. 

Fylkesmannen er nå ute på ein omfattande besøksrunde til i alle kommunane i Rogaland. I samband med dette har me møtt formannskapa i både Sola, Sandnes og Stavanger. Spørsmålet om kommunereform var eit naturleg tema på alle desse møta, og me har skrytt av dialogen som er etablert. Eitt punkt me har peikt på er at desse tre kommunane er ein del av eit samanhengande tettstadområde, og er å rekna som ein felles «kvardagsregion».

I tråd med det som er forventa

Det er vår vurdering at ein slik naboprat og planlagd innbyggarinvolvering er i tråd med det som blir venta frå sentralt hald, mellom anna i nytt brev frå statsråd Jan Tore Sanner til alle kommunane.

Informasjon er viktig

Ei folkeavrøysting blir planlagt i alle dei tre kommunane, og er tenkt gjennomført den 30. mai. God informasjon til innbyggjarnare i forkant av dette er svært viktig, i dette ligg også at det ligg føre konkrete grunnlagsdokument.

Kontaktpersonar