Sola inviterer til naboprat

Sola kommune inviterer ordførarane i Randaberg, Sandnes og Stavanger til naboprat om framtidig kommunestruktur i morgon ettermiddag. 

Møtet er det første av fleire. Det er ordførar Ole Ueland i Sola som har invitert dei tre nabokommunane til samtalar om eventuell ny kommunestruktur. Det første møtet er altså i morgon, tysdag 10. november, og det er lagt opp til minst fem møte fram til utgangen av februar 2016.

Godt initiativ!

Fylkesmannen vil gi ros til Sola kommune som tek dette initiativet. Det er vår vurdering at ein slik naboprat og planlagd innbyggarinvolvering er i tråd med det som blir venta frå sentralt hald, og som kom klart til uttrykk i det nye brevet til kommunane frå statsråd Jan Tore Sanner.

Randaberg har takka nei

10. september i år gjorde kommunestyret i Randaberg vedtak som seier at kommunen vil halda fram som eigen, sjølvstyrt landbrukskommune:

Randaberg kommune vil fortsette det godt etablerte regionale samarbeidet. Vi takker for samarbeid med Gjesdal, Hå, Klepp, Sandnes, Sola, Stavanger og Time om en utredning av ulike alternativer til kommunesammenslåing. Randaberg kommune vil ikke ta initiativ til flere samtaler eller utredninger.

På bakgrunn av dette vedtaket har Randaberg-ordførar Kristine Enger takka nei til invitasjonen frå Sola.

Det nye kommunestyret i Randaberg skal ta stilling til korleis kommunen skal involvera seg vidare i reformprosessen. Dette skjer i det første møtet på nyåret. 

I høgremargen finn du invitasjonsbrevet og notat med forslag til dagsorden for møtet.