Sanner opnar for å forlenga fristen

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner opnar for reformstøtte sjølv om ikkje kommunen gjorde vedtak innan fristen 1. juli.
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner opnar for reformstøtte sjølv om ikkje kommunen gjorde vedtak innan fristen 1. juli.

Kommunar som ikkje rakk fristen 1. juli kan framleis få reformstøtte, lovar statsråd Jan Tore Sanner. 

Kommunal- og moderniseringsministeren opnar opp for at kommunar som gjer vedtak i løpet av hausten også får tildelt reformstøtte. Den opprinnelege fristen var 1. juli 2016.

Behov for meir tid

Jan Tore Sanner meiner det har blitt gjort eit imponerande arbeid over heile landet for å finna gode løysingar for nye og sterkare kommunar. Vedtaka som er gjort viser at det blir fleire samanslåingar nå enn på nesten 50 år. Likevel er det fleire kommunar som ikkje er heilt mål og treng meir tid, skriv Sanner i eit brev til fylkesmennene:

- Vedtak innan årsskiftet

- Jeg vil derfor legge til rette for at kommuner som fatter vedtak etter 1. juli også vil bli omfattet av vurderingene og forslagene i proposisjonen som legges fram for Stortinget våren 2017. For å få til dette, bør kommunene ha fattet sine vedtak innen årsskiftet 2016, slik at de kan bli en del av Stortingets behandling våren 2017.

Fylkesmannen si tilråding

Fylkesmennene skal levera tilrådingane sine innan 1. oktober. I Rogaland er det klart at ho skal presenterast for kommunane tysdag 27. september.

Brevet frå kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til fylkesmennene finn du som vedlegg til denne nettsaka.