Råd og tips når ein ny kommune skal byggjast

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har laga sin andre rettleiar med gode råd og tips om det å byggja ein ny kommune. Rettleiaren inneheld råd og tips frå tidlegare samanslåingar.

Det har vore annonsert ein rettleiar del 2 som tar føre seg perioden frå kommunane vedtek å slå seg saman til ein ny kommune er på plass. Nå er rettleiaren klar og tilgjengeleg på KMD si nettside. Å lage ny kommune er ein omfattande prosess som krev god politisk og administrativ leiing. Samstundes er det litt opp til kommunane korleis dette skal gjerast.

Ein av fleire rettleiarar

Den retteleiaren som nå ligg føre er ein av fleire rettleiarar. Sjå eiga nettsak om rettleiar del 1 frå desember 2015.

Fylkesmannen ønskjer å bidra

Gjennom dette verktøyet, og anna materiell som er laga, går me ut frå at kommunane får god hjelp. Men ta gjerne kontakt med Fylkesmannen om det er spørsmål som du ikkje finn svar på.