Nytt inntektssystem - her er tala

Siste veke presenterte regjeringspartia saman med venstre avtale om nytt inntektssystem for kommunane. I dag har regjeringa lagt ut informasjon om korleis dette slår ut for kommunane

Fylkesmannen har informert om at det er gjort avtale om det nye inntektssystemet, og vi annonserte at vi skulle kome tilbake med meir informasjon når tala blir lagt ut. Elementa i det nye systemet er nå nærmare omtalt, og det er det er laga ein oversikt over korleis dette slår ut for kvar enkelt kommune.

Konsekvensar for kommunar i Rogaland

Ein god del kommunar i Rogaland får noko mindre basistilskot, og nokre får redusert det som før var småkommunetilskot.  Vi har registrert at det nye systemet gir størst trekk for kommunane Bjerkreim og Bokn, og då særleg grunna nemnte endring i småkommunetilskot.

Elles er det gjort avklaringar knyta til kommunar som slår seg saman, m.a. at desse får fullt basistilskot i perioden fram til formell samanslåing. Meir informasjon finn du på regjeringa si nettside.

Tabellen i høgremenyen (under: Dokument) viser utslaga for kommunane i Rogaland