Nye reglar for enklare danning av nye kommunar

Målet er at lovendringane skal gjera det enklare å danna nye kommunar.
Målet er at lovendringane skal gjera det enklare å danna nye kommunar.

Stortinget vedtok 13. juni justeringar i inndelingslova og kommunelova for å leggja til rette for enklare prosessar ved danning nye kommunar. Dei nye reglane gjeld frå 1. juli 2016.

Lovendringane blir gjort for å gjera prosessane med å danna nye kommunar enklare, men også for å følgja opp spørsmål som har vore uavklarte.

Grenseoppgang mellom deling og grensejustering

I tråd med høyringsforslaget er det nå opna for enklare prosessar knytt til oppdeling av kommunar i når nye kommunar skal dannast.

Forkjøpsrett til aksjar

Det er nå lovfesta at aksjar kan gå frå ein kommune til ein annan i samband med samanslåing eller deling utan at forkjøpsretten etter aksjelova blir utløyst. Dette har vore eit viktig spørsmål å få avklart.

ROBEK-status

Lovendringa avklarer spørsmål om ROBEK-status ved eventuell kommunesamanslåing. Dersom ein ROBEK-kommune går saman ein nabokommune, blir ikkje den nye kommunen automatisk meld inn i ROBEK-registeret.

Meir informasjon finn du på regjeringa si nettside.