Ny rapport: Grunnlag for endring i kommunestrukturen på Ytre Haugalandet?

Torsdag 26. november fekk kommunestyra i Sveio, Haugesund, Tysvær og Karmøy presentert ei grundig utgreiing som faktagrunnlag for det vidare arbeidet med kommunestruktur. Det er vanskeleg å få svar på alle spørsmåla gjennom ei slik utgreiing, men rapporten gir etter Fylkesmannen si vurdering eit godt grunnlag for å vurdera endringar i kommunestrukturen. 

Fylkesmannen var representert på fellesmøtet for desse fire kommunestyra i Haugesund i går, der analyseselskapet Agenda Kaupang presenterte rapporten som er laga på oppdrag frå dei aktuelle kommunane. Utgreiinga er gjort ut frå dei måla og kriteria som regjeringa har gitt for kommunereforma.

Rapporten gir eit godt faktagrunnlag for det vidare arbeidet, både når det gjeld innbyggjarinvolvering og endeleg vedtak i kommunestyra.

Oppsplitting av tettstadar ei stor utfordring i dag

Fylkesmannen har særleg merka seg det som kjem fram om utfordringane i regionen når det gjeld kommunane si rolle som samfunnsutviklar. I rapporten blir det peikt på at området har ei omfattande intern pendling og ei tettstadsoppsplitting. Kommunane har felles utfordringar som ein felles bu- og arbeidsmarknad med tanke på regional utvikling, framtidig infrastruktur og kollektivtransport - og sårbare fagmiljø.

Frå fagperson til fagmiljø

Rapporten viser at kommunane i dag har sårbare fagmiljø, som med dagens kommunestruktur kjem til å skapa store utfordingar. Kommunale leiarar som er intervjua meiner det vil vere betre med eit større fagmiljø. Det blir også peika på at dei aktuelle kommunane ikkje er så store at det alltid er tilstrekkeleg distanse mellom saksbehandlar og innbyggar på område som barnevern, sosialteneste og byggesaksbehandling.

Er økonomi viktigast?

Ei samanslåing av dei fire kommunane vil i følgje utgreiinga gi ei årleg innsparing på 28 millionar kroner innan administrasjon. Samstundes kjem det fram at det etter 20 år vil bli ein reduksjon på om lag 30 millionar kroner, gitt dagens inntektssystem. Fylkesmannen vil her framheva at det i løpet av 2015 blir lagt fram eit nytt forslag til inntektssystem for kommunane, og det er uansett komplisert å rekna seg fram til eit godt svar på spørsmålet om ny kommunestruktur. Vi vil klart rå kommunane til å leggja minst like mykje vekt på tenester og kommunen si rolle som samsfunnsutviklar, i eit langsiktig perspektiv.

Rapporten finn du i høgremargen.