Møtet i den regionale ressursgruppa 27. januar

Fleire kommunar har nå lita tid til å gjere det arbeidet som Stortinget ventar av dei innan fristen 1. juli 2016. Det kom tydeleg fram under årets første møte i den regionale ressursgruppa for kommunereforma.

Møtet blei leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og hadde denne sakslista:

  • Informasjon om Fylkesmannen sitt arbeid
  • Informasjon om KS sitt arbeid.
  • Kva skjer på regionalt nivå?
  • Kommunereform og samarbeid om kommunal planstrategi/samfunnsdel
  • Ny rapport frå Danmark
  • Rapport frå kommunane om aktuelle nabopratar frå regionråda/kommunar
  • Forslag til nytt inntektssystem v/Fylkesmannen
  • Fagsamling 31. mai

Fylkesmannen informerte om arbeidet med reforma, mellom anna om brevet som Kommunal- og moderniseringsdepartemenet sendte til kommunane i slutten av oktober i fjor.

Det blei orientert om status for reformarbeidet i dei ulike regionane. Status per desember 2015 kjem fram av nettsida til Fylkesmannen, og i justert kartversjon. Men det er rett å minna om at ein god del har skjedd etter dette.

Frå Distriktssenteret blei det mellom anna orientert om ein fersk rapport om erfaringane frå den store kommunereforma i Danmark.

Referat frå møtet, og lysark brukt i møtet, finn du i høgremargen.