Merkedag for nye Jæren kommune

Torsdag 19. november var det felles møte for kommunestyra i Hå, Time og Klepp.Tema: Nye Jæren kommune. Det markerte ein viktig milestolpe for arbeidet mot endeleg vedtak i juni 2016.

Møtet som blei arrangert på kommunehuset på Varhaug var eit viktig ledd i arbeidet mot ein ny kommune på Jæren.

Skryt frå Fylkesmannen

Fylkesmannen vil gi ros til kommunane Hå, Time og Klepp for at nabopraten blir teken vidare til konkretisering av ein intensjonsavtale, og med planar for innbyggarinvolvering. Framdriftsplanen tilseier at det skal vere mogleg å få eit tilstrekkeleg grunnlag for avgjerd innan fristen 1. juli 2016

Kontaktpersonar