Lund, Sokndal og Eigersund kan bli ny kommune i Dalane

Lund, Sokndal og Eigersund kommune. På tysdag blei prospektdokumentet for danning av ein ny kommune underteikna og presentert. Fylkesmannen vil rosa den gode dialogen som er komen i stand mellom dei tre kommunane. 

Fylkesmannen har i tråd med oppdraget vårt rådd alle kommunane i Dalane til å ta ein naboprat om framtidig kommunestruktur. Det er all grunn til å skryta av dei kommunane som her har teke eit leiarskap som har ført fram til dette dokumentet - og for at rettesnora har vore best mogleg tenester for innbyggarane på kort og lang sikt. Vi vil også framheva kompromissviljen som er vist i spørsmål der kommunane kan ha ulike synspunkt, til dømes når det gjeld val av tras for E39.

Involvering og informasjon

God innbyggarinvolvering blir nå viktig, og vi har registrert at det blir folkeavrøysting i Lund den 30. mai. Sokndal og Eigersund vil involvera folk på annan måte. God informasjon i tida fram mot endeleg avgjerd blir nå viktig.

Kommunereforma var eit sentralt tema då vi nyleg var på besøk i desse tre kommunane, og vi ønskjer ein vidare dialog fram mot endeleg vedtak.

Du finn meir informasjon om saka her. Prospektet finn du i høgremargen.