Kommunereforma i Rogaland – førebels oversikt

Alle kommunar i Rogaland har nå gjort sine kommunereformvedtak, og vi har nå eit bilete av det samla resultatet. 12 av kommunane har gjort vedtak om at dei ønskjer endring i kommunestruktur, og 7 av desse kommunane har funne saman.

Fylkesmannen har laga ein førebels oversikt over alle kommunereformvedtak i Rogaland. Alle kommunar har gjort vedtak innan fristen 1. juli.

Halvparten ønskjer endring

Sju kommunar har vedteke at dei ønskjer å bygge ny kommune saman, om vi reknar med Etne frå Hordaland. Seks kommunar ønskjer endring i kommunestruktur, men får ikkje med seg naboane.

12 kommunar ønskjer altså endring i kommunestruktur. 14 av 26 kommunar har gjort vedtak om å halde fram åleine. Fylkesmannen oppfattar såleis at nesten halvparten av kommunane ønskjer større kommunar i Rogaland.

Oversikten finn du i høgremargen.

Kontaktpersonar

Dokument