Kommunereform: Fylkesmannen tilrår at heile Ombo blir ein del av "nye Stavanger"

Heile Ombo bør bli ein del av "Nye Stavanger", meiner Fylkesmannen i Rogaland. Dette kjem fram i tilleggsbrevet til den tidlegare tilrådinga vår. Me rår ikkje til grenseendringar i Jøsenfjorden.

Elles meiner me at arbeidet med å danna ny kommune mellom Vindafjord og Etne bør halda fram. I samband med tilrådinga som me la fram 27. september i år, annonserte me at me skulle ettersenda ei tilråding knytt til Vindafjord og Etne, og til nokre grensespørsmål. Dei aktuelle spørsmåla har no vore til politisk behandling i kommunane.

Vindafjord og Etne

Med grunnlag i vedtak i kommunestyra, som bygger på resultatet av folkerøystingane, rår me ikkje til at det blir danna ein ny kommune nå. Vår vurdering er at desse to kommunane, som har mykje samarbeid og felles utfordringar, arbeider vidare med å danna ny kommune.

Ombo

Med grunnlag i resultatet av innbyggarhøyringa, har kommunestyra i Finnøy og Hjelmeland vedteke at heile Ombo bør bli ein del av Finnøy kommune – «Nye Stavanger». Fylkesmannen støttar dette og gir det same rådet.

Jøsenfjorden

Hjelmeland vedtok 14. desember kjøp av skuleplassar av Suldal kommune, slik at barn i Jøsenfjorden kan gå på skule i Erfjord. Vår vurdering er at eit viktig moment i grensespørsmålet er avklart, og me finn ut frå dette ikkje grunnlag for å rå til grensejustering i strid med kommunestyre-vedtaket i Hjelmeland.

Nye opplysningar om Hjelmeland og Strand

Brevet inneheld elles oppdaterte opplysningar om den nye dialogen mellom Hjelmeland og Strand, med ny, signert intensjonsavtale datert 16. desember. Det blir ny folkerøysting i Hjelmeland 24. januar 2017.

Du finn brevet vårt som vedlegg til nettsaka.