Får vi ein ny Jæren kommune?

Dette er eitt av dei aktuella temaa under storsamlinga om kommunereforma 28. oktober. Ordførar i Time, Reinert Kverneland, skal fortelje om status for nabopraten mellom Klepp, Time og Hå.

Fylkesmannen har nå lagt ut ny og oppdatert versjon av programmet til storsamlinga om kommunereforma 28. oktober 2015

Vi nærmar oss den endelege påmeldingsfristen for prosess-samling om kommunereforma, og framleis er det plass til fleire deltakarar.

Nabopraten i gang

Vi får høyre siste nytt om nabopraten mellom Klepp, Time og Hå - og mellom Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal. Hovudinnleiar på samlinga er Helge Andre Njåstad, leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget.

Det er mange politikarar som nå skal danna ei ny politisk leiing i kommunane, og desse er ei viktig målgruppe for samlinga. Elles er samlinga open for deltaking for fleire aktuelle aktørar, der vi særleg vil framheve representantar for dei tilsette i kommunane.

Ny påmeldingsfrist er 23. oktober. Du melder deg på her