Eit steg i retning Utstein kommune?

I dag signerte ordførarane i Kvitsøy, Rennesøy, Finnøy og Randaberg intensjonsavtalen for Utstein kommune. Fylkesmannen var til stades og skrytte av den gode dialogen som er komen i stand mellom dei fire kommunane.

Randaberg-ordførar Kristine Enger leia signeringsmøtet, og alle fire ordførarane snakka positivt om den gode dialogen som har vore i prosessen fram mot endeleg avtale. Det er ordførar i Kvitsøy, Mirjam Ydstebø, som har leia arbeidet.

– Fin gjeng, krevjande arbeid

– Dette har vore ein flott gjeng å leia, og alle har medverka konstruktivt i arbeidet. Samstundes har det vore ein krevjande prosess med kort frist, seier Ydstebø.
– Uansett endeleg utfall har dette hatt mykje godt med seg, seier Finnøy-ordførar Henrik Halleland.

Skryt frå Fylkesmannen

Prosessrettleiar Anfinn Rosnes frå Fylkesmannen var til stades og roste arbeidet. Rosnes meiner Utstein kommune kan vera ein god kommune som kan løysa framtidige utfordringar.

– Det kan bli ein kommune med sterk og felles identitet, eksempelvis med tanke på grønt landskap og kystkultur, påpeiker Rosnes. 

Informasjon til folket særs viktig

Avtalen er eit godt grunnlag for framlegging til folket, gjennom innbyggarundersøking eller folkeavrøysting. Informasjonsarbeidet i prosessen vidare blir særs viktig.

Her finn du meir informasjon om Utstein kommune.

I høgremargen finn du intensjonsavtalen.