- Tida er inne for politiske initiativ

Ansvaret handlar om å rusta kommunane for framtida, meiner statsråd Jan Tore Sanner.
Ansvaret handlar om å rusta kommunane for framtida, meiner statsråd Jan Tore Sanner.

Det skriv statsråd Jan Tore Sanner i eit nytt brev til alle kommunestyra i landet.

I brevet frå statsråd Sanner blir det framheva den viktige rolla kommunen har når det gjeld å gi gode tenester til innbyggarane, og til å utvikle attraktive lokalsamfunn.  Det blir også vist til dei ulike verktøya og økonomiske støtteordningane som departementet tilbyr.

Oppdrag frå Stortinget

I brevet blir det også framheva at det er brei semje i Stortinget om måla med reforma, og at det er behov for endringar i kommunestrukturen dersom vi skal nå dei nasjonale velferdsmåla.

Fristen står fast

Kommunane har frist til 1. juli 2016 med å gjera endelege vedtak. Denne datoen ligg fast. Standpunkta kommunane tar skal vurderast opp mot måla med reforma, dette gjeld også dei kommunane som vedtek å ikkje gjere endringar i strukturen. 

Fylkesmannen har ei viktig rolle

Fylkesmannen bidrar gjerne med råd i prosessen fram mot endeleg vedtak i kommunen. Hausten 2016 skal vi vurdere om kommunale vedtak er i tråd med måla for reforma.

Du finn pressemelding og brevet på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si nettside.