Utbetaling frå Havbruksfondet

Rogalandskommunane får i år utbetalt nærmare 27,4 mill. kroner samla frå Havbruksfondet.

Det er Fiskeridirektoratet som utbetaler desse midlane ein gong per år. Dei fleste av kommunane har fått mykje lågare utbetaling for 2019 enn for 2018, som forventa.

For landet samla er utbetalinga i 2019 vel 458 mill. kroner.  Det blir for første gong fordelt midlar til kommunar med klarert ny lokalitetsbiomasse dei siste to åra, enten heilt nye lokalitetar eller utviding av eksisterande lokalitetar. Denne delen av utbetalinga er avgrensa oppad til 5 mill. kroner per kommune. I Rogaland får Forsand, Strand, Finnøy, Bokn og Vindafjord utbetaling for nye klarerte lokalitetar. Berre Bokn si utbetaling er påverka av maksimumsgrensa for nye lokalitetar.

 

Samla utbetaling per kommune:

For meir informasjon, sjå Fiskeridirektoratet sine nettsider.

Kontaktpersonar