Skjønstilskot til språkdeling 2019

Fylkesmannen har fordelt 9,6 mill. kr av skjønsramma for 2019 til sju kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.01.2019

Bakgrunnen for tildelinga er at desse kommunane har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling i grunnskulen. I opplæringslova § 2-5 heiter det: Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe.

Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs. at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle fag utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf. Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.

 

Færre grupper

Det har vore ein reduksjon i talet på ekstragrupper frå i fjor. Samla tildeling til dette føremålet er dermed redusert, medan utteljinga pr. gruppe blir noko høgare samanlikna med i fjor.

Det står etter dette att kr. 7,6 mill. av skjønsramma for 2019. Dette vil i hovudsak bli brukt til kommunale innovasjonsprosjekt, det vil bli lyst ut ein ny  søknadsrunde i nær framtid. Vi vil halde att kr. 3,38 mill. til oktober (5% av totalramma), slik som føresett i retningslinjene frå departementet.

 

Fordelinga er slik:

  kommune 1000kr
1120 Klepp 4000
1121 Time 400
1122 Gjesdal 300
1124 Sola 1100
1130 Strand 1800
1142 Rennesøy 500
1146 Tysvær 1500
  sum 9600

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.