Orientering om skjønstildelinga for 2019

Grønt hefte
Grønt hefte (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

I rammetilskotet til kommunane (jf. Grønt hefte), er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovud-momenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2019.

Føremål og rammer for fordelinga.

Hovudkriteriet ut frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets retningslinjer er at skjønstildelinga bør "ta hensyn til utgiftskrevende forhold av betydning som kommunene ikke kan påvirke selv, og som ikke er fanget opp i inntektssystemet eller andre faste tilskudds-ordninger. Dette kan være forhold av uforutsett, midlertidig eller mer langvarig karakter."

Det heiter også m.a. at "kommuner som ikke iverksetter tiltak for å gjenopprette økonomisk balanse ikke kan tildeles skjønnsmidler med begrunnelse i kommunens økonomiske situasjon".

Samla ramme for skjønstilskot for landet 2019 og føregåande år:

(tal i mill. kr) 2019 2018 2017 2016 2015 2014
Kommunane 1 237 1 360 1 701 1 928 2 022 2 141
Fylkeskommunane 382 390 659 619 488 512
I alt 1 619 1 750 2 360 2 547 2 510 2 653
Kommunane, ordinært skjøn 1 000 1 100 1 191 1 291 1 291 1 491
Komp. omlegging 2011 - - - 400 400 400
Reserve, prosjekt m.m. (KMD) 237 260 510 237 331 250

Samla ordinær skjønsramme for kommunane er 1 000 mill. kr, ein reduksjon på 100 mill. kr frå 2018. Av dette går 67,6 mill. kr til kommunane i Rogaland, det same som for 2018, 2017 og 2016. Reduksjonen får verknad for dei fylka som har mest skjønstilskot pr. innbyggjar.

Inntektssystemet blei endra frå 2017 og dermed fall kompensasjonen for førre endring i 2011 bort. (Av dette gjekk 57 mill. kr til kommunar i Rogaland). For 2017 var det sett av 300 mill. kr til kommunar som skal slå seg saman, men som får redusert basistilskot og småkommune-tilskot fram til samanslåinga. Dette er f.o.m. 2018 lagt inn i innbyggjartilskotet med særskilt fordeling i tabell C - k. Det er ein rest på 237 mill. kr, av dette ein reservepott på 120 mill. til naturskade o.l., 26 mill. kr til prosjektskjøn og 20 mill. kr til vidareføring av tilskotet som blei gitt første gong i 2017 til kommunar som blei ståande ufriviljug åleine etter kommune-reforma. Dette er halvparten av førre år og 2019 er siste året for slik kompensasjon. Vidare er det sett av 71 mill. kr til kompensasjon for bortfall av eigedomsskatt på produksjonsutstyr og installasjonar. Dette vil bli fordelt i løpet av 2019. Vi minner her om fristen 1. mars for retaksering.

I Grønt hefte, tabell 1-k, side 86 - 89, er fordelt 50,4 mill. kr til kommunane i fylket. 17,2 mill. er ufordelt. Dette vil bli fordelt seinare, dels til språkdelingsgrupper rundt årsskiftet når nødvendige data ligg føre, og dels til innovasjonsprosjekt neste år med søknadsfrist i april.

Nærare om fordelinga for 2019 i Grønt hefte

Fram til og med 2014 fekk dei tre kommunane i fylket som fekk høgare arbeidsgivaravgift i 2007 kompensasjon gjennom skjønsmidlane, etter berekningar frå departementet. Frå 2015 har departementet lagt desse midlane inn i basisramma, samstundes som denne blei redusert. I tråd med signal frå departementet blir fordelinga trappa ned gradvis, men vurdert konkret kvart år.

Dei viktigaste omsyna i tildelinga elles har vore kommunar med høge utgifter pr. innbyggjar til ressurskrevjande tenester og kommunar som har særlege utfordringar når det gjeld rus/psykiatri. Kostnadsnøkkelen for rus/psykiatri blei lagt om i 2004 og kommunar som i særleg grad tapte på omlegginga har fått kompensasjon for dette. Kompensasjonen for særleg høge utgifter til ressurskrevjande er basert på ajourførte data slik at utslaga endrar seg noko. Desse utgiftene er svært ujamt fordelt og vi har derfor funne det rett å leggja ein viss kompensasjon til kommunar som har nettoutgifter pr. innbyggjar godt over snittet. For rus/psykiatri er profilen for tildelinga om lag den same som inneverande år.

Frå 2007 er det lagt inn midlar til kommunar som tapte på innlemminga av tilskot til skyss av helsepersonell i rammetilskotet. Dette gjeld legevaktsamarbeidet i Ryfylke med kommunane Hjelmeland, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Pga. stor kostnadsauke blei dette auka i 2010. Desse tildelingane har vore vidareført i etterfølgjande år, men er også justert for ramme-reduksjon.

Fordeling så langt, dvs. nærare spesifisering av beløp i Grønt hefte (1000 kr):

  Ress. kr. høge utg. Psyk/ rus Skyss helse Etter skjøn elles Sum ordinært skjøn
Eigersund       2 000 2 000
Sandnes         0
Stavanger         0
Haugesund   5 500     5 500
Sokndal       1 000 1 000
Lund       1 200 1 200
Bjerkreim       600 600
        0
Klepp 1 300       1 300
Time         0
Gjesdal       1 400 1 400
Sola         0
Randaberg 6 600       6 600
Forsand         0
Strand   1 000   2 100 3 100
Hjelmeland     1 000   1 000
Suldal         0
Sauda   1 000   4 600 5 600
Finnøy     2 000 3 800 5 800
Rennesøy     800 700 1 500
Kvitsøy     400 1 300 1 700
Bokn 800     1 000 1 800
Tysvær 900       900
Karmøy       2 500 2 500
Utsira       200 200
Vindafjord       6 700 6 700
  9 600 7 500 4 200 29 100 50 400

Resten av skjønsmidlane for 2019 – språkdeling og innovasjon

Dei ufordelte midlane, kr 17 200 000, tek vi sikte på å fordela i tre rundar:

1. Språkdeling, ved årsskiftet. Kommunar som har utgifter til språkdeling som følgje av regelen om at når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1.-7 i ein kommune ønskjer undervisning på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedtatt, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe, jf. Opplæringslova § 2-5. Fylkesmannen skal vurdera om kommunane har behov for dekning av slike meirkostnader.

Midlane vil bli fordelt på grunnlag av GSI-data og tilbakemeldingar frå kommunar som har språkdelingsgrupper og kan grunngi at dei treng slike midlar.

2. Fornyings- og innovasjonsprosjekt, i mai / juni og september / oktober neste år. Det har ein god del år vore ei eiga ramme til fornyings- og utviklingsprosjekt kommunane ønskjer å gjennomføra for å utvikla dei kommunale tenestene. I tråd med innovasjonsstrategien for kommunane som blei lansert i 2013 ønskjer ein at tilskot i større grad skal bli gitt til innovasjonstiltak, og innovasjonsprosjekt vil dermed bli prioritert innanfor ramma. Dette kan gå ut på å finna meir effektive måtar å organisera og utøva tenestene på, men også at ein søkjer å finna måtar å tilby kvalitativt betre tenester til innbyggjarane.

Dei siste åra er det tildelt 5-6 mill. kr årleg til innovasjonsprosjekt. Vi tek sikte på å halda ved lag denne satsinga. Kor mykje som blir tildelt i 2019 vil også vera avhengig om det dukkar opp andre behov, eks. naturskade e.l. Dette er også grunnen til at tildelinga skjer i to rundar, departementet har bestemt at 5 % av ramma skal haldast av til hausten til uføresette hendingar. Det vil koma meir om innovasjonstilskot seinare, men ein kan alt nå ta til med å førebu slike søknader. Det er innført ein nettbasert søknadsprosedyre, felles for heile landet.

Eventuelt restskjøn pga. uføresette tilhøve vil det også vera mest naturleg å ta opp i samband med desse tildelingsrundane.

Kontaktpersonar