Skriv gode garantivedtak – ikkje få saka i retur

Økonomireglane i den nye kommunelova er sett i verk frå 1. januar 2020. I lova er det nye reglar for kommunale garantiar. Ei ny forskrift om garantiar og finans- og gjeldsforvaltning gjeld også frå 1. januar 2020.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.01.2020

Lova fastset at det er forbod mot garantiar for næringsverksemd og garantiar med vesentleg økonomisk risiko.

Forskrifta har reglar om krav til innhald i eit garantivedtak, kor lenge garantiane kan vare og grenser for når garantiane er så små beløp at dei ikkje skal ha ei godkjenning.

Det er viktig å vere nøye med at garantivedtaka oppfyller krava til innhald. Om ikkje må kommunestyret eller fylkestinget fatte vedtaka på nytt.

Krav til innhald i vedtak

Krava til innhald i vedtak står i forskrifta i § 2. Eit garantivedtak skal vise:

a) kven garantien er stilt for
b) kva føremål garantien gjeld for
c) kva slags type garanti som er stilt
d) det maksimale beløpet som det vert garantert for og korleis beløpet eventuelt vert redusert i garantiperioden
e) kva tidspunkt garantien gjeld frå og når den ikkje gjeld meir
f) om departementet må godkjenne vedtaket etter kommunelova § 14-19

Departementet godkjenner garantivedtak for fylkeskommunane. For kommunane er det Fylkesmannen som godkjenner garantivedtaka.

Beløpsgrensa for små beløp er heva

I forskrifta i § 4 står også beløpsgrensa for garantibeløp som ikkje treng godkjenning av fylkesmannen:

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 kroner for kommunar som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 kroner for kommunar som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 kroner for kommunar som har over 100 000 innbyggarar

For fylkeskommunane er beløpsgrensa for små beløp 10 000 000 kroner.

Det er talet på innbyggarar i kommunen 1. januar året før garantivedtaket, som avgjer kva som er beløpsgrensa for kommunen.

Merk særleg at om garantien er gitt for små beløp, som ikkje skal ha godkjenning frå departement eller fylkesmann, skal det også stå i garantivedtaket at garantien er ugyldig om mottakaren av garantien skjøna eller burde skjøna at garantien er i strid med kommunelova § 14-19 første ledd første punktum. Det vil seie at garantien inneber vesentleg økonomisk risiko eller er stilt for næringsverksemd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.