Fordeling av restskjønn og ekstra skjønnstilskot til kommunar i Rogaland

Fylkesmannen har gjort ei fordeling til kommunane i Rogaland av både restskjønn for 2020 og av ekstra skjønnstilskot til meirutgifter i samband med covid-19-utbrotet. Fylkesmannen har igjen å dele ut ekstra skjønnstilskot til smittevern og til oppfølging av TISK-strategien.

Ekstra skjønnstilskot til meirutgifter covid-19

Fylkesmannen i Rogaland fekk i april 2020 fordelt 17 881 000 kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) i skjønnstilskot til kommunane i Rogaland til meirutgifter i samband med covid-19-utbrotet. Eit heilt likt beløp i skjønnstilskot til same føremål var i mars 2020 fordelt ut av Fylkesmannen til kommunane i Rogaland. Sjå lenke til sak om første fordeling av ekstra skjønnstilskot.

I denne nye fordelinga får Stavanger kommune eit storbytillegg på 1 000 000 kroner. Stavanger kommune rapporterer betydeleg høgare meirutgifter samanlikna med alle dei andre kommunane.

Grunna ein feil i folketalet for Strand kommune i første fordeling av ekstra skjønnstilskot, får Strand kommune 5 260 kroner ekstra i denne fordelinga.

Resten av tilskotet er fordelt med 100 000 kroner i botnen til alle kommunane og det resterande etter innbyggartal per 01.01.2020. Sjå fordeling i tabell under.

Restskjønn (kriseskjønn) for 2020

Fordeling av restskjønnet er sett i samanheng med fordeling av ekstra skjønnstilskot til meirutgifter.

Bokn og Utsira har likevel fått ei særskilt fordeling på respektive 200 000 kroner og 400 000 kroner til uføresette utgifter som ikkje er relaterte til virusutbrotet.

Resterande beløp på 5 300 000 kroner er fordelte til alle kommunane i Rogaland etter innbyggartal per 1.1.2020. Dette er fordi vi i søknader frå kommunane ser at alle har meirkostnadar som følge av virusutbrotet. Sjå fordeling i tabell under.

Ekstra skjønnstilskot til smittevern og TISK

Fylkesmannen har ikkje enno fordelt ekstra skjønnstilskot til smittevern i samband med virusutbrotet på 33,3 millionar kroner til kommunane i Rogaland. Vi ønskjer å sjå dette tilskotet saman med det ekstra skjønnstilskotet på 35 millionar kroner til oppfølging av TISK-strategien (strategi for testing, isolering, smittesporing og karantene).

Tilskotet til oppfølging av TISK-strategien skal berre gå til kommunar i Rogaland med store kostnader som følgje av større smitteutbrot. Ved å vente med fordelinga kan vi sjå korleis smittesituasjonen utviklar seg vidare utover hausten.

Fylkesmannen må fordele begge desse skjønnstilskota innan utgangen av november 2020. 

Tabell med fordelingane

Kommune Meirkostnader (kr) Restskjønn (kr) Sum tildeling
Eigersund 549 854 163 575 713 429
Stavanger 5 460 767 1 585 653 7 046 420
Haugesund 1 234 643 412 576 1 647 219
Sandnes 2 515 774 878 419 3 394 193
Sokndal 199 623 36 225 235 848
Lund 197 254 35 363 232 618
Bjerkreim 184 649 30 780 215 429
676 813 209 739 886 552
Klepp 694 946 216 333 911 278
Time 674 535 208 911 883 446
Gjesdal 464 536 132 552 597 088
Sola 924 717 299 882 1224 599
Randaberg 440 815 123 926 564 741
Strand 499 137 143 221 642 357
Hjelmeland 178 180 28 428 206 608
Suldal 215 539 42 012 257 551
Sauda 239 564 50 748 290 312
Kvitsøy 115 703 5 710 121 413
Bokn 125 878 209 410 335 287
Tysvær 436 077 122 204 558 280
Karmøy 1 381 314 465 909 1 847 222
Utsira 106 014 402 187 508 201
Vindafjord 364 670 96 239 460 909
Sum Rogaland           17 881 000 5 900 000 23 781 000

 

Utbetalingane vil kome fram i kvar sin kolonne på Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sine sider for terminutbetalingar, sjå lenke.