Tilleggsproposisjonen for statsbudsjettet 2014 – samandrag av endringar i kommuneopplegget

Framlegget frå den nye regjeringa til tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2014 blei lagt fram 11. november (Prop. 1 S Tillegg 1). Vi gir her eit kort samandrag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.11.2013

 

Lenkje til endeleg vedtatt rammetilskot for kommunane for 2014

Opplegget for 2013

Kommunesektorens inntekter for 2013 er uendra samanlikna med statsbudsjettet som blei lagt fram 14. oktober, Prop. 1S (2013—2014).

Opplegget for 2014

For kommunane er realveksten i frie inntekter uendra i høve til Prop 1S, dvs 4,3 mrd kr. For fylkeskommunane er det føreslått ein auke på 280 mill kr til fylkesvegar.

Løns- og prisveksten (deflator) er auka til 3,1 % knytt til auka anslag for konsumprisvekst. Deflatoren var sett til 3 % i prop. 1S (2013—2014). Kommunane blir kompensert for dette.

Skatteinntektene for kommunesektoren blir ikkje påverka av reduksjonen av skattesatsen frå 28  til 27 %, endringa blir tatt i den statlege delen.

Rammeoverføringa: Regjeringa føreslår å redusera innbyggjartilskotet til kommunane (netto) med 576 mill. kr samanlikna med Prop. 1 S (2013-2014) som følgje av regelendringar, øyremerking mv. Av dette er 250,3 mill. kroner ein auke som kompensasjon for auka pris- og kostnadsvekst. Andre justeringar:

Auka likebehandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar frå 1.8.2014:      69 mill.

Reversering av forslag om  reduksjon/nominell vidareføring maksimalpris                  -163 mill

Reversering av forslag opptrapping mot to barnehageopptak                                    -241 mill.

Avvikla kulturskoletime i skole/SFO                                                                          -71,1 mill.

Avvikling av ordninga med gratis frukt og grønt                                                        -107,2 mill.

Redusert eigendel for personar på dobbeltrom                                                               15 mill.

Øyremerking av midlar til kommunalt rusarbeid (dvs. ikkje innlemming)                       -343 mill.

Styrka tilsyn med barn i fosterheim, framskunda iverksetjing                                           15 mill.

Tilskot til heildøgns omsorgsplassar:  ramma blir auka tilsvarande 500 plassar til 2500 plassar og tilsegnsramma til 3,8 mill. kroner frå 2 mill. kroner i prop. S1(2013-2014). Gjennomsnittleg statleg tilskotsdel per eining er også auka frå 35 % til 50 % av den maksimale godkjente anleggskostnaden. (45 % pr omsorgsbolig og 55 %  pr sjukeheimsplass.

Ein føreslår også å auka den maksimale godkjente anleggskostnaden per eining til frå 2,885 til 3,3 mill. kroner i pressområde.

Auken av tilskotsandelen og hevinga av godkjente anleggskostnader i pressområda fører til at det maksimale tilskotssatsane blir auka til 1 485 000 kroner promsorgsbolig og 1 815 000 kroner pr sjukeheimsplass i pressområde, og til 1 298 250 kroner pr omsorgsbolig og 1 586 750 kroner pr sjukeheimsplass i landet elles.

Meir utførleg om endringane i tilleggsproposisjonen her

Lenkje til proposisjonen

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.