Svekka økonomisk resultat i kommunane i 2014

Driftsresultata i kommunane i fylket var ein god del svakare enn året før, og svakare enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2014

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2015

Førebels KOSTRA-tal for kommunal økonomi og tenesteproduksjon for 2014 blei publisert av Statistisk sentralbyrå 16. mars.

Netto driftsresultat, som er eit uttrykk for den økonomiske handlefridomen, utgjer berre 0,7 % av driftsinntektene, mot 2,6 % for 2013 og 2,8 % for 2012. For landet utanom Oslo utgjorde driftsresultatet  1,1 % i fjor mot 2,4 %  i 2013 og 2,6 % i 2012. I motsetning til tidlegare år har Rogaland dårlegare resultat enn landet, men dårleg resultat i Stavanger kan åleine forklara avviket.

Mykje av forklaringa i det generelt låge nivået kan liggja i at momskompensasjon for investeringar frå og med 2014 ikkje lenger skal førast i driftsrekneskapen. Vidare var det svikt i skatteinntektene.

Berre 5 kommunar hadde betre resultat enn i 2013. Best resultat hadde Suldal, svakast Utsira. Nedanfor er kommunane rangert etter driftsresultat i 2014.

 Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter

 

2014

2013

2012

Suldal

8,4

5,1

2,9

5,8

7,1

8,1

Kvitsøy

5,8

2,5

3,0

Tysvær

3,5

4,6

3,1

Bokn

3,3

3,9

3,2

Gjesdal

3,0

3,6

5,0

Sauda

3,0

1,2

0,2

Sola

2,8

1,8

5,2

Sandnes

2,6

3,8

2,9

Strand

2,5

1,5

3,0

Bjerkreim

1,8

3,7

2,9

Klepp

1,4

2,1

1,6

Landet u. Oslo

1,1

2,4

2,6

Forsand

0,9

15,7

-1,4

Rennesøy

0,9

4,9

2,0

Finnøy

0,7

3,2

4,0

Vindafjord

0,7

8,0

5,6

Rogaland

0,7

2,6

2,8

Karmøy

0,6

1,9

2,1

Eigersund

0,3

1,2

2,0

Time

0,1

2,3

0,4

Randaberg

-0,3

2,1

2,6

Sokndal

-0,8

3,0

1,4

Hjelmeland

-0,8

3,0

-3,4

Stavanger

-1,3

1,9

3,1

Haugesund

-2,8

-0,6

0,0

Lund

-3,0

3,0

1,2

Utsira

-6,3

4,3

4,0

Merk at det ikkje er nytta konserntal her, dvs. at kommunale føretak og interkommunale selskap (IKS) ikkje er med.

Lenkje til SSB/KOSTRA

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.