Svakare skatteinngang i Rogaland enn i landet, også i 2017

Skatteinntekter pr. innbygger i % av landet
Skatteinntekter pr. innbygger i % av landet (Foto: Fylkesmannen i Rogaland / Fylkesmannen i Rogaland)

Også i år meldar kommunane om gode resultater for 2017, og igjen er ekstraordinære skatteinntekter ein stor del av forklaringa. Kommunane i Rogaland hadde svakast skattevekst av fylka i 2016. Slik er det også for 2017, men dei får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.

Tal for skatteinngangen i kommunane i 2017 ligg nå føre. Det var forventa ein inngang på 3,3 % i september, men resultatet for landet blei 4,5 %. Rogaland hadde ein negativ vekst på -0,3 % og lågast av fylka. Rogaland hadde også lågast vekst i 2016 og 2015, medan det vanlege tidlegare år har vore større vekst enn landet. Kommunane i fylket får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga. Nivået pr. innbyggjar ligg framleis over landet, men gjekk ned i 2015, 2016 og 2017. 

Uventa høg vekst i 2017

Frå Finansdepartementet har det vore operert med desse vekstoverslaga for 2017 (i høve til inngangen i 2016, mill. kr og vekst i %):

 

Mill.kr

%

Rekneskapstal 2016

149 814

 

Statsbudsjettet 2017 - 6.10.16

151 900

1,4

Komm.prp. 2018 - 11.5.17

151 375

1,0

Statsbud. for 2018 - 12.09.17

154 740

3,3

Rekneskapstal 2017

156 585

4,5

 I statsbudsjettet for 2018, budsjettproposisjonen for KMD, har ein denne forklaringa på den gode skatteinngangen:

"Bakgrunnen er ekstraordinært store uttak av utbytter til personlig skattytere for inntektsåret 2016, som trolig skyldes tilpasninger til skattereformen."

Ein kan dermed ikkje rekna med tilsvarande vekst i 2018.

Størst vekst i 2017 hadde Sauda, Vindafjord og Kvitsøy, og alle tre hadde meir enn landet. Svakast utvikling hadde Sola og Rennesøy. Ofte vil sterk vekst eitt år følgjast av svakare vekst det neste.

Veksten i Rogalandskommunane

 

Vekst i 2017 %

Vekst i 2016 %

Vekst i 2015 %

Vekst i 2014 %

Vekst i 2013 %

Vekst i 2012 %

Skattenivå 2017 i % av landet (100)

Eigersund  

 0,6

3,9

-1,0

8,8

13,9

3,4

101,1

Sandnes

 0,0

4,4

2,9

4,3

10,2

9,2

106,4

Stavanger 

 -3,4

2,6

3,2

0,5

6,7

8,7

131,4

Haugesund

 3,6

3,8

4,1

0,1

8,8

8,4

97,8

Sokndal

 0,0

5,2

3,7

-0,4

9,0

7,5

87,5

Lund

 11,5

4,7

2,4

3,0

5,7

8,5

88,2

Bjerkreim

 3,4

10,5

3,5

1,0

8,3

12,2

96,3

Hå            

 0,4

7,1

2,8

4,4

7,3

11,6

89,7

Klepp

 -1,4

7,5

1,2

3,4

11,8

7,0

98,1

Time   

 -0,8

8,2

3,3

2,7

11,9

8,3

101,4

Gjesdal

 -1,4

5,8

4,0

4,0

8,0

9,8

92,3

Sola

 -4,2

2,6

7,5

5,3

11,7

6,4

128,9

Randaberg

 -3,7

3,0

1,8

4,6

11,4

8,5

111,4

Forsand

 1,3

11,1

2,8

3,9

3,1

7,8

154,6

Strand   

 1,8

9,4

1,7

3,3

10,0

7,7

94,3

Hjelmeland

 0,7

3,1

5,9

-0,3

2,5

7,0

125,0

Suldal

3,1

4,2

5,0

-0,6

-0,2

3,8

135,3

Sauda

 37,3

-16,4

5,7

-1,2

25,5

-4,2

118,4

Finnøy

 8,9

7,9

0,5

2,4

10,0

11,4

105,1

Rennesøy

 -4,2

8,0

5,5

3,0

9,9

11,0

108,3

Kvitsøy

 22,2

0,8

5,1

-0,3

9,1

2,7

101,7

Bokn

 3,4

3,6

-0,7

2,8

4,8

12,5

89,1

Tysvær

 6,1

3,3

3,6

2,9

5,4

7,3

90,9

Karmøy

 1,6

4,9

3,4

3,4

7,5

5,1

88,8

Utsira

 2,2

-11,5

-0,2

-2,0

-1,5

2,7

80,9

Vindafjord 

 24,9

7,2

2,5

-13,1

17,2

8,4

122,5

Rogaland

 -0,3

4,0

3,3

2,1

8,8

8,0

110,7

Landet

 4,5

9,8

6,0

1,9

5,7

6,8

100,0

Rog. u. Stvgr.

 1,3

4,7

3,4

3,0

9,9

7,7

102,6

 

Lågare vekst enn landet

Nivået for fylket når det gjeld skatteinntekt (inkl. selskapsskatt t.o.m. 2008) pr. innbyggjar viser følgjande utvikling: (% av landet)

2017 

2016

2015

2014

2013

2012

2011

2010

2009

2008

2007

2006

2005

2004

 104,6

108,7

114,5

117,9

118,3

115,8

114,8

113,6

113,1

115,2

115,5

111,6

105,9

105,0

Rogaland har oftast hatt betre skatteinngang enn  landet. Dette har samanheng med høgare folketilvekst, dels også at personinntektene har auka meir enn landet. I 2015, 2016 og 2017 auka skatteinntekt pr. innbyggjar mindre enn landet. 14 av kommunane ligg over landssnittet mot 9 i 2016 og 12 året før.

Redusert bidrag til inntektsutjamninga

Inntektsutjamningsordninga i rammeoverføringa jamnar ut skilnader i skatteinntekter mellom kommunar. Kommunar med skattenivå over snittet for landet blir trekt i rammeoverføringa og kommunar som ligg under landsnivået får eit tillegg. For fylket er samla nivå for skatt og inntekts-utjamning på 102,6 % av landsnivået i 2017. Samla sett er kommunane i fylket ein bidragsytar i denne ordninga, men «bidraget» blei ytterligare redusert noko i 2017, til 472 mill. kr, frå 833 mill. kr i 2016 og frå  1 211 mill. i 2015.

16 av kommunane tener på ordninga, dvs. dei som har lågare skatteinntekt pr. innbyggjar enn landssnittet, i 2016 var tilsvarande tal 16 og i 2015 var det 13.

Kontaktpersonar