Svakare økonomisk resultat i kommunane i 2013

Driftsresultata i kommunane i fylket var noko svakare enn året før, men litt betre enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2013.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2014

Førebels KOSTRA-tal for kommunal økonomi og tenesteproduksjon for 2013 blei publisert av Statistisk sentralbyrå 17. mars. Alle kommunar i fylket har rapportert, medan det manglar data for 28 kommunar på landsbasis.

Netto driftsresultat, som er eit uttrykk for den økonomiske handlefridomen, utgjer 2,6 % av driftsinntektene mot 2,8 % for 2012 og 2,4 % for 2011. For landet utanom Oslo utgjorde driftsresultatet  2,4 % i 2013 mot 2,6 % i 2012, slik at kommunane i fylket samla ligg betre an enn landet i 2013. Iallfall noko av forklaringa kan liggja i at fylket hadde betre skatteutvikling enn landet i 2013 (meir om dette her).

12 kommunar av 26 hadde betre resultat enn 3 % som er rekna som eit krav til sunn kommuneøkonomi. 15 kommunar hadde betre resultat enn i 2012. Best resultat hadde Forsand, svakast Haugesund. Nedanfor er kommunane rangert etter driftsresultat i 2013.

 Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter

 

2013

2012

Forsand

15,7

-1,4

Vindafjord

8,0

5,6

7,1

8,1

Suldal

5,6

2,9

Rennesøy

4,9

2,0

Tysvær

4,6

3,1

Utsira

4,3

4,0

Bjerkreim

3,9

2,9

Bokn

3,9

3,2

Gjesdal

3,5

5,0

Sandnes

3,5

2,9

Finnøy

3,2

4,0

Sokndal

3,0

1,4

Lund

3,0

1,2

Rogaland u. Stvgr.

2,9

2,7

Rogaland

2,6

2,8

Kvitsøy

2,5

3,0

Time

2,5

0,4

Hjelmeland

2,5

-3,4

Landet u. Oslo

2,4

2,6

Randaberg

2,1

2,6

Klepp

2,1

1,6

Stavanger

2,1

3,1

Karmøy

1,9

2,1

Sola

1,8

5,2

Sauda

1,2

0,2

Eigersund

1,2

2,0

Strand

1,1

3,0

Haugesund

-0,6

0,0

Merk at det ikkje er nytta konserntal her, dvs at kommunale føretak og interkommunale selskap (IKS) ikkje er med.

 Lenkje til SSB/KOSTRA

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.