Skjønstilskotet for 2014 - 2. tildeling

Det er fordelt 9,8 mill kr av skjønsramma for 2014 til 9 kommunar. Tildelinga gjeld i hovudsak kompensasjon for språkdeling i 7 kommunar og midlar til innovasjonsprosjekt i to kommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.02.2014

Fordelinga er slik:

Kommune

 

1000 kr

 

Grunnlag

1119

400

 

innovasjon/fornying

1120

Klepp

3 800

 

språkdeling

1121

Time

400

 

innovasjon/fornying

1121

Time

200

 

språkdeling

1122

Gjesdal

700

 

         ”

1124

Sola

1 000

 

         ”

1130

Strand

1 400

 

         ”

1142

Rennesøy

200

 

         ”

1144

Kvitsøy

300

 

ressurskrevjande tenester

1146

Tysvær

1 400

 

språkdeling

 

sum

9 800

 

 

 Bakgrunn for tildelinga:

1. Språkdeling.

Kommunane Klepp, Time, Gjesdal, Sola, Strand, Rennesøy og Tysvær får midlar sidan dei har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling. Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.

2. Innovasjons- og fornyingsprosjekt

Hå kommune får kr 400 000 til utgreiing av felles legevakttelefon for Hå, Eigersund, Bjerkreim, Sokndal og eventuelt Ualand-området av Lund. Gjennom samarbeidet skal ein heva kvaliteten gjennom auka kompetanse og også auka effektiviteten.

Time kommune får kr 400 000 til eit gjennomføring av ein innovasjonsprosess med teoretisk opplæring av om lag 40 —50 personar og praktisk rettleia utarbeiding av 8 konkrete prosjekt. Målet er kvalitetsutvikling og auka effektivitet i tenestene.

3. For Kvitsøy gjeld tildelinga uføresette utgifter.

Det står etter dette att kr  6 352 000 av skjønsmidla for 2014. Dette skal i utgangspunktet gå til innovasjon og fornying, jf innovasjonsstrategien som blei lagt fram i aprili fjor. Det vil koma eiga melding om dette.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.