Skjønstilskot til språkdeling 2016

Fylkesmannen har fordelt  8,7 mill. kr av skjønsramma for 2016 til
7 kommunar sidan dei har meirutgifter i samband med språkdeling.

Fordelinga er slik:

Kommune

 

1000 kr

1120

Klepp

3 100

1121

Time

700

1122

Gjesdal

1 400

1124

Sola

200

1130

Strand

1 400

1142

Rennesøy

500

1146

Tysvær

1 400

 

sum

8 700

Bakgrunnen for tildelinga er at desse kommunane har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling i grunnskulen. Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle fag utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf. Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.