Skjønstilskot til arbeidet med kommunereform

Fylkesmannen har fordelt  2,5 mill. kr av skjønsramma for 2015 til 18 kommunar med bakgrunn i arbeidet med kommunereform. Den eine av desse får midlane på vegne av 8 kommunar som har eit samarbeid.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.05.2015

Fordelinga er slik:

Kommune

 

1000 kr

1101

Eigersund

100

1106

Haugesund

100

1111

Sokndal

100

1112

Lund

100

1114

Bjerkreim

100

1121

Time *)

800

1129

Forsand

100

1130

Strand

100

1133

Hjelmeland

100

1134

Suldal

100

1135

Sauda

100

1141

Finnøy

100

1142

Rennesøy

100

1144

Kvitsøy

100

1146

Tysvær

100

1149

Karmøy

100

1151

Utsira

100

1160

Vindafjord

100

   

2 500

*) jf. nedanfor

 

Bakgrunnen for tildelinga er arbeidet med kommunereform. Grunnlaget er dei tilbakemeldingar og rapporteringar som er gitt og ein har då kome fram til eit beløp på kr 100 000 for alle kommunar som har dokumentert at dei er med i denne prosessen. For Time sin del har vi lagt til grunn at kommunen har sekretariatet for eit kommunereformprosjekt for kommunane Sandnes, Stavanger, Hå, Klepp, Time, Gjesdal, Sola og Randaberg, og at tildelinga då er ei samla tildeling for desse kommunane.

 

Som opplyst i brev frå kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) i august 2014, vil kommunen elles kunne få dekka kr 100 000 i utgifter knytt til informasjon og folkehøyring. Dette kjem i tillegg til eventuelle skjønsmidlar. KMD legg grunn at kommunen har gjort eit konkret kommunestyrevedtak om vegen vidare. Vi kjem tilbake med meir informasjon om kriterier for denne tildelinga, som for dei fleste kommunar først vil vera aktuelt i 2016. 

Vi gjer elles merksam på at desse midlane vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane, og ikkje som ei særskilt utbetaling.  Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KMD sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.