Skjønstilskot for 2015 - 2. tildeling

Fylkesmannen har fordelt 9,2 mill. kr av skjønsmidla for 2015 til 12 kommunar. Av dette går 7,1 mill. kr til 7 kommunar for språkdeling. Resten går til innovasjonsprosjekt og uføresette utgifter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2015

Fordelinga er slik:

Kommune

 

1000 kr

 

Grunnlag

1103

Stavanger

400

 

innovasjon/fornying

1119

500

 

flaumskade

1120

Klepp

2 700

 

språkdeling

1121

Time

200

 

språkdeling

1122

Gjesdal

900

 

         ”

1124

Sola

500

 

         ”

1130

Strand

900

 

         ”

1135

Sauda

200

 

innovasjon/ fornying

1142

Rennesøy

200

 

språkdeling

1145

Bokn

400

 

ressurskrevjande tenester

1146

Tysvær

1 700

 

språkdeling

1146

Tysvær

400

 

Innovasjon/ fornying

1151

Utsira

200

 

ressurskrevjande tenester

 

sum

9 200

 

 

Bakgrunn for tildelinga:

1. Språkdeling.

 Kommunane Klepp, Time, Gjesdal, Sola, Strand, Rennesøy og Tysvær får midlar sidan dei har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling. Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.

 2. Innovasjons- og fornyingsprosjekt

Stavanger kommune får kr 400 000 til prosjektet: «gjennomføring, testing og nyttiggjøring av en innovativ offentlig anskaffelsesmetode» (signalanlegg for Lervig sykehjem),

Sauda kommune får kr 200 000 til prosjektet «Lean i ledelse i Sauda kommune». Gjennom målretta arbeid med Lean-metodikk håpar ein å kunna skapa betydeleg betre tilhøve for medarbeidardriven utvikling.

Tysvær kommune får kr 400 000 til eit Velferdsteknologi-prosjekt i regi av Haugaland Vekst. Prosjektet omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Sveio, Tysvær, Utsira og Vindafjord. 

3. Andre tilhøve

Hå kommune får kr 500 000 til ekstraordinære utgifter i samband med flaumen 7. august på Vigrestad.

For Bokn og Utsira gjeld tildelinga ressurskrevjande tenester.

Det står etter dette att 8,9 mill. kr av skjønsmidla for 2015. Dette skal m.a. gå til innovasjon og fornying, jf innovasjonsstrategien som blei lagt fram i mai 2013. Det vil koma eit eige skriv om dette. Vi viser elles til brev av 24.11.14 der det går fram at  den enkelte kommune kan få tildelt inntil kr 100 000 frå skjønsmidlane til arbeidet med kommunereform.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.