Sanner til Kommuneøkonomidagen

Kommunereform og nytt inntektssystem. Statsråd Jan Tore Sanner har nok å snakka om når han kjem til Stavanger 31. mai.
Kommunereform og nytt inntektssystem. Statsråd Jan Tore Sanner har nok å snakka om når han kjem til Stavanger 31. mai.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner skal presentera kommuneproposisjonen for 2017, og då kjem det også fram kva regjeringa går inn for når det gjeld nytt inntektssystem for kommunane.

Kommunereform blir naturlegvis også eit sentralt tema på samlinga, noko statsråden skal koma inn på. Kommuneøkonomidagen blir arrangert 31. mai.

Dette årlege arrangementet blir ei viktig samling dette året, mellom anna fordi kommunane er i sluttfasen av arbeidet med kommunereforma. Mange kommunar har kome med tydelege merknader til det nye inntektssystemet som har vore på høyring, og kommuneproposisjonen 11. mai kjem til å gi sentrale føringar for korleis resultatet blir.

Oljenedtur og kommunereform

I kor stor grad det økonomiske opplegget for neste år (og eventuelt i år) blir prega av oljenedturen, er også av særleg interesse denne gongen.

Fylkesmannen informerer om status når det gjeld kommunereforma, og planen er å konkretisera kva som er venta av kommunane i samband med endeleg vedtak innan 1. juli.

Du kan melda deg på nå

Hovudmålgruppa for samlinga er ordførarar, rådmenn og økonomiansvarlege. Vi vil særleg framheva at politisk leiing er ei viktig målgruppe dette året.

Vi arrangerer samlinga i samarbeid med KS og RKK.

Vi har lagt ut påmeldingssystem på nettsida vår, og det kjem snart meir informasjon om både program og påmeldingsfrist.