Orientering om skjønstildelinga for 2018

Grønt Hefte
Grønt Hefte (Foto: Anders Aano / Fylkesmannen i Rogaland)

I rammetilskotet til kommunane (kap. 571), jf. Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovud-momenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2018.

Føremål og rammer for fordelinga.

Hovudkriteriet ut frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets retningslinjer er at skjønstildelinga bør "ta hensyn til utgiftskrevende forhold av betydning som kommunene ikke kan påvirke selv, og som ikke er fanget opp i inntektssystemet eller andre faste tilskuddsordninger. Dette kan være forhold av uforutsett, midlertidig eller mer langvarig karakter."

Det heiter også m.a. at ”kommuner som ikke iverksetter tiltak for å gjenopprette økonomisk balanse ikke kan tildeles skjønnsmidler med begrunnelse i kommunens økonomiske situasjon”.

Samla ramme for skjønstilskot for landet 2018 og føregåande år

 (tal i mill. kr)

2018 

2017 

2016

2015

2014

2013

Kommunane

1360 

1701 

1 928

2 022

2 141

2 175

Fylkeskommunane

390 

659 

619

488

512

509

I alt

1750 

2360 

2 547

2 510

2 653

2 684

Kommunane,   ordinært skjøn

1100 

1191 

1 291

1 291

1 491

1 477

 Komp. omlegging 2011

400 

400 

400 

400 

Uføresett, prosjekt m.m. (KMD)

260 

510 

237

331

250

301

Samla ordinær skjønsramme for kommunane er 1 100 mill. kr, ein reduksjon på 91 mill. kr frå 2017. Av dette går 67,6 mill. kr til kommunane i Rogaland, det same som for 2017 og 2016. Reduksjonen får verknad for dei fylka som har mest skjønstilskot pr. innbyggjar.

Inntektssystemet blei endra frå 2017 og dermed fall kompensasjonen for førre endring i 2011 bort. (Av dette gjekk 57 mill. kr til kommunar i Rogaland). For 2017 var det sett av 300 mill. kr til kommunar som skal slå seg saman, men som får redusert basistilskot og småkommunetilskot fram til samanslåinga. Dette er for 2018 lagt inn i innbyggjartilskotet med særskilt fordeling. Det er sett av ein reservepott på 140 mill. kr, som skal m.a. gå til vidareføring av tilskotet som blei gitt i 2017 til kommunar som blei ståande ufriviljug åleine etter kommunereforma. Vidare er det sett av 120 mill. kr til prosjektskjøn fordelt av departementet.

I Grønt hefte, tabell 1-k, side 85 - 88, er fordelt kr 50 650 000 til kommunane i fylket. Kr 16 950 000 er ufordelt. Dette vil bli fordelt seinare, dels til språkdelingsgrupper rundt årsskiftet når nødvendige data ligg føre, og dels til innovasjonsprosjekt neste år med søknadsfrist i april. 

Nærare om fordelinga for 2018 i Grønt hefte

Fram til og med 2014 fekk dei tre kommunane i fylket som fekk høgare arbeidsgivaravgift i 2007 kompensasjon gjennom skjønsmidlane, etter berekningar frå departementet. Frå 2015 har departementet lagt desse midlane inn i basisramma, samstundes som denne blei redusert. I tråd med signal frå departementet blir fordelinga trappa ned gradvis, men vurdert konkret kvart år.

Dei viktigaste omsyna i tildelinga elles har vore kommunar med høge utgifter pr. innbyggjar til ressurskrevjande tenester og kommunar som har særlege utfordringar når det gjeld rus/psykiatri. Kostnadsnøkkelen for rus/psykiatri blei lagt om i 2004 og kommunar som i særleg grad tapte på omlegginga har fått kompensasjon for dette. Kompensasjonen for særleg høge utgifter til ressurskrevjande er basert på ajourførte data slik at utslaga endrar seg noko. Desse utgiftene er svært ujamt fordelt og vi har derfor funne det rett å leggja ein viss kompensasjon til kommunar som har nettoutgifter pr. innbyggjar godt over snittet. For rus/psykiatri er profilen for tildelinga den same som inneverande år.

 Frå 2007 er det lagt inn midlar til kommunar som tapte på innlemminga av tilskot til skyss av helsepersonell i rammetilskotet. Dette gjeld legevaktsamarbeidet i Ryfylke med kommunane Hjelmeland, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Pga. stor kostnadsauke blei dette auka i 2010. Desse tildelingane har vore vidareført i etterfølgjande år, men er også justert for rammereduksjon.

Fordeling så langt, dvs. nærare spesifisering av beløp i Grønt hefte (1000 kr):

 

Ress. krev høge utg.

Psyk/rus

Skyss helse

Etter skjøn elles

Sum ordinært skjøn  2018

Eigersund

 

 

 

2 000

2 000

Sandnes

 

 

 

 

0

Stavanger

 

 

 

 

0

Haugesund

 

6 000

 

 

6 000

Sokndal

 

 

 

1 000

1 000

Lund

 

 

 

1 200

1 200

Bjerkreim

 

 

 

600 

600

 

 

 

 

0

Klepp

 

 

 

 

0

Time

 

 

 

 

0

Gjesdal

 

 

 

800

800

Sola

 

 

 

 

0

Randaberg

6 500

 

 

 

6 500

Forsand

 

 

 

 

0

Strand

 

1 000

 

2 100

3 100

Hjelmeland

 

 

1 000

 

1 000

Suldal

 

 

 

 

0

Sauda

 

1 000

 

5 200

6 200

Finnøy

 

 

2 000

4 350

6 350

Rennesøy

 

 

800 

200

1 000

Kvitsøy

 

 

400 

1 200

1 600

Bokn

500 

 

 

1 200

1 700

Tysvær

1 000

 

 

 

1 000

Karmøy

 

 

 

2 500

2 500

Utsira

 

 

 

600

600

Vindafjord

 

 

 

7 500

7 500

Fordelt

8 000

8 000

4 200

30 450

50 650

Rest

 

 

 

 

16 950

Sum

 

 

 

 

67 600

 

Resten av skjønsmidlane for 2018 – språkdeling og innovasjon

Dei ufordelte midlane, kr 16 950 000, tek vi sikte på å fordela i tre rundar:

1. Språkdeling, ved årsskiftet. Kommunar som har utgifter til språkdeling som følgje av regelen om at når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1.-7 i ein kommune ønskjer undervisning på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedtatt, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe, jf. Opplæringslova § 2-5. Fylkesmannen skal vurdera om kommunane har behov for dekning av slike meirkostnader.

Midlane vil bli fordelt på grunnlag av GSI-data og tilbakemeldingar frå kommunar som har språkdelingsgrupper og kan grunngi at dei treng slike midlar.

2. Fornyings- og innovasjonsprosjekt, i mai / juni og september / oktober neste år. Det har ein god del år vore ei eiga ramme til fornyings- og utviklingsprosjekt kommunane ønskjer å gjennomføra for å utvikla dei kommunale tenestene. I tråd med innovasjonsstrategien for kommunane som blei lansert i 2013 ønskjer ein at tilskot i større grad skal bli gitt til innovasjonstiltak, og innovasjonsprosjekt vil dermed bli prioritert innanfor ramma. Dette kan gå ut på å finna meir effektive måtar å organisera og utøva tenestene på, men også at ein søkjer å finna måtar å tilby kvalitativt betre tenester til innbyggjarane.

Dei siste åra er det tildelt 5-6 mill. kr årleg til innovasjonsprosjekt. Vi tek sikte på å halda ved lag denne satsinga. Kor mykje som blir tildelt i 2018 vil også vera avhengig om det dukkar opp andre behov, eks. naturskade e.l. Dette er også grunnen til at tildelinga skjer i to rundar, departementet har bestemt at 5 % av ramma skal haldast av til hausten til uføresette hendingar. Det vil koma meir om innovasjonstilskot seinare, men ein kan alt nå ta til med å førebu slike søknader. Det er innført ein nettbasert søknadsprosedyre, felles for heile landet.

Eventuelt restskjøn pga. uføresette tilhøve vil det også vera mest naturleg å ta opp i samband med desse tildelingsrundane.

Kontaktpersonar