Orientering om skjønstildelinga for 2015

I rammetilskotet til kommunane (kap 571, jf Grønt hefte tabell 1-k) , er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2015.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2014

Føremål og rammer for fordelinga.

Hovudkriteriet ut frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets retningslinjer  er at skjønstildelinga skal

«ta hensyn til utgiftskrevende forhold av betydning som kommunene ikke kan påvirke selv, og som ikke er fanget opp i inntektssystemet eller andre faste tilskuddsordninger. Dette kan være forhold av uforutsett, midlertidig eller mer langvarig karakter.»

Det heiter også m.a. at ”kommuner som ikke iverksetter tiltak for å gjenopprette økonomisk balanse ikke kan tildeles skjønnsmidler med begrunnelse i kommunens økonomiske situasjon”.

 Samla ramme for skjønstilskot for landet 2015 og føregåande år (mill kr):

 

2015

2014

2013

2012

2011

2010

Kommunane

2 022

2 141

2 175

1 633

1 697

1 686

Fylkeskommunane

488

512

509

409

407

405

I alt

2 510

2 653

2 684

2 042

2 104

2 091

Kommunane, ordinært skjøn

1 291

1 491

1 477

1 507

1 494

1 489

 ”        prosjekt m.m. (KMD)

331

250

301

126

203

197

Samla ordinær skjønsramme for kommunane er 1 291 mill. kr. Av dette går 67,6 mill kr til kommunane i Rogaland, mot 76,9 mill. kr for 2014. Dette er ein reduksjon på 12 % i høve til 2014.

I tillegg kjem kompensasjon for endringar i inntektssystemet med 400 mill kr frå 2011, av dette 57 mill kr til kommunar i Rogaland. Denne fordelinga ligg fast til neste revisjon av inntektssystemet (om lag kvart fjerde år).

I Grønt hefte, tabell 1-k, side 84-85, er fordelt  kr 49 500 000 til kommunane i fylket. Kr       18 100 000 er ufordelt. Dette vil bli fordelt seinare, dels til språkdelingsgrupper rundt årsskiftet når nødvendige data ligg føre, og dels til utviklingsprosjekt neste år i juni med søknadsfrist i april.

 Nærare om fordelinga for 2015 i Grønt hefte

Dei fleste kommunane får lågare beløp i 2015 enn i 2014. Dette må sjåast i samanheng med at ramma er redusert. På landsplan er reduksjonen 200 mill. kr. Departementet skriv om dette:

Som varslet i kommuneproposisjonen for 2015 vil departementet avvikle ordningen med særskilte skjønnsmidler til inntektssvake kommuner i Sør-Norge. De 100 mill. kr som ordningen utgjorde vil bli overført til innbyggertilskuddet til kommunene. Basisrammen er for 2015 redusert med om lag 100 mill. kroner eller 10 pst. fra nivået i 2014. Disse midlene vil også overføres til innbyggertilskuddet. Kompensasjonen for økt sats på differensiert arbeidsgiveravgift (DAA) vil fra og med 2015 bli lagt inn i basisrammen og vil ikke bli synliggjort.

Tidlegare år har dei tre kommunane i fylket som fekk høgare arbeidsgivaravgift i 2007 vore kompensert for endringane gjennom skjønsmidla, etter berekningar frå departementet. Det er nå gått ei tid sidan denne endringa, og departementet har frå 2015 som nemnt lagt inn desse midla i basisramma, samstundes som denne er redusert. Denne kompensasjonen vil derfor bli trappa ned i åra framover, men for 2015 er reduksjonen omtrent i takt med reduksjonen i totalramma.

 Dei viktigaste omsyna i tildelinga elles har vore kommunar med høge utgifter pr innbyggjar til ressurskrevjande tenester og kommunar som har særlege utfordringar når det gjeld rus/psykiatri. Kostnadsnøkkelen for rus/psykiatri blei lagt om i 2004 og kommunar som i særleg grad tapte på omlegginga har fått kompensasjon for dette. Profilen for kompensasjonen for særleg høge utgifter til  ressurskrevjande er nokolunde den same som for 2014, men ajourførte data gjer at utslaga endrar seg noko. Desse utgiftene er svært ujamt fordelt og vi har derfor funne det rett å leggja ein viss kompensasjon til kommunar som har nettoutgifter pr innbyggjar godt over snittet. For rus/psykiatri er profilen for tildelinga den same som inneverande år.

I dei siste åra har 100 mill. kr av skjønsmidla gått til inntektssvake kommunar i Sør-Noreg som ikkje får regionalpolitiske tilskot. Rogaland fekk 4 mill. i 2014, som blei tildelt Karmøy kommune. Som nemnt er denne ordninga avvikla i 2015.

 For 2007 blei det lagt inn midlar til kommunar som tapte på innlemminga av tilskot til skyss av helsepersonell i rammetilskotet. Dette gjeld legevaktsamarbeidet i Ryfylke med kommunane Hjelmeland, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Pga. stor kostnadsauke blei dette auka i 2010. Desse tildelingane  har vore vidareført etterfølgjande år, men er også justert for rammereduksjon.

 Fordeling så langt, dvs. nærare spesifisering av beløp i Grønt hefte (1000 kr):

 

Ress. krev høge utg.

Psyk/rus

Skyss helse

Etter skjøn elles

Sum ordinært skjøn  2015

Eigersund

 

 

 

1 800

1 800

Sandnes

 

 

 

 

0

Stavanger

 

 

 

 

0

Haugesund

 

6 000

 

 

6 000

Sokndal

 

 

 

 

0

Lund

 

 

 

500

500

Bjerkreim

 

 

 

 

0

 

 

 

 

0

Klepp

 

 

 

 

0

Time

 

 

 

 

0

Gjesdal

 

 

 

600

600

Sola

 

 

 

 

0

Randaberg

5 000

 

 

 

5 000

Forsand

 

 

 

 

0

Strand

 

1 000

 

1 700

2 700

Hjelmeland

 

 

1 000

 

1 000

Suldal

 

 

 

 

0

Sauda

 

1 000

 

6 000

7 000

Finnøy

 

 

2 000

5 000

7 000

Rennesøy

 

 

800 

200

1 000

Kvitsøy

 

 

400 

1 000

1 400

Bokn

 

 

 

 

0

Tysvær

4 000

 

 

 

4 000

Karmøy

 

 

 

2 000

2 000

Utsira

 

 

 

1 000

1 000

Vindafjord

 

 

 

8 500

8 500

Fordelt

9 000

8 000

4 200

28 300

49 500

Rest

 

 

 

 

18 100

Sum

 

 

 

 

67 600

 

Resten av skjønsmidla for 2015 – språkdeling og innovasjon

 Dei ufordelte midla, kr 18 100 000,  tek vi sikte på å fordela i to rundar:

 1. Språkdeling, ved årsskiftet. Kommunar som har utgifter til språkdeling som følgje av regelen om at når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1.-7 i ein kommune ønskjer undervisning på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedtatt, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe, jf. Opplæringslova § 2-5. Fylkesmannen skal  vurdera om kommunane har behov for dekning av slike meirkostnader.

 Midla vil bli fordelt på grunnlag av GSI-data og tilbakemeldingar frå kommunar som har språkdelingsgrupper og kan grunngi at dei treng slike midlar.

 2. Fornyings- og innovasjonsprosjekt, i mai / juni neste år. Det har ein god del år vore ei eiga ramme til fornyings- og utviklingsprosjekt kommunane ønskjer å gjennomføra for å utvikla dei kommunale tenestene. I tråd med innovasjonsstrategien for kommunane som blei lansert i april i fjor ønskjer ein at tilskot nå i større grad skal bli gitt til innovasjonstiltak, og innovasjonsprosjekt vil dermed bli prioritert innafor ramma. Dette kan gå ut på å finna meir effektive måtar å organisera og utøva tenestene på, men også at ein  søkjer å finne måtar å tilby kvalitativt betre tenester til innbyggjarane.

 I år er tildelt i alt 5,53 mill. kr  til innovasjonsprosjekt. Vi tek sikte på å halda ved lag denne satsinga. Det vil koma meir om dette seinare, men ein kan alt nå ta til med å førebu slike søknader.

 Dersom det ligg føre gode nok søknader ved årsskiftet kan det bli aktuelt å dela ut ein del av midla alt då, men hovudtildelinga tek vi uansett sikte på som før i mai/juni

Eventuelt restskjøn pga. uføresette tilhøve vil det også vera mest naturleg å ta opp i samband med desse to tildelingsrundane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.