Orientering om skjønstildelinga for 2013

Skjønstildelinga skal kompensera for ufrivillige utgifter som kriteria i inntektssystemet for kommunane ikkje fangar opp. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2013. Av ei ramme for fylket på 73,8 mill kr er kr 61 076 000 fordelt i samband med statsbudsjettet, medan kr 12 724 000 vil bli fordelt seinare.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2012

I rammetilskotet til kommunane (kap 572), jf Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Fordelinga byggjer på dei prinsippa som kjem fram i kommuneproposisjonen og retningslinjer for skjønstildeling fastsett av KRD.

Av viktige omsyn kan nemnast:
"Ved skjønnstildelingen bør fylkesmannen …ta hensyn til utgiftskrevende forhold av betydning som kommunene selv ikke kan påvirke, og som ikke er fanget opp i inntektssystemet”.” Det heiter også m.a. at
”Kommuner som ikke iverksetter tiltak for å gjenopprette økonomisk balanse, kan heller ikke tildeles skjønnsmidler med begrunnelse i kommunens økonomiske situasjon.”

I særskilte høve kan det gis skjønstilskot til kommunar med ein vanskeleg økonomisk situasjon, men tildelinga skal då knytast opp til ein plan for å koma i økonomisk balanse.

Samla ramme for skjønstilskot for landet 2013 og føregåande år (mill kr):

 

2013

2012

2011

2010

Kommunane

2 175

1 633

1 697

1 686

Fylkeskommunane

509

409

407

405

I alt

2 684

2 042

2 104

2 091

Kommunane, ordinært skjøn

1 477

1 507

1 494

1 489

” prosjekt m.m. (KRD)

301

126

203

197

Samla ordinær skjønsramme for kommunane er 1 477 mill kr. Av dette går 73,8 mill kr til kommunane i Rogaland, mot 71,4 mill kr for 2012. Auken har for det første samanheng med at fylket får 4 mill av ramma på 100 mill til inntektssvake kommunar i Sør-Norge som ikkje får regionalpolitiske tilskot i 2013. Rogaland får her 4 mill, som går til Karmøy kommune. På den andre sida er basisramma redusert noko.

I tillegg kjem kompensasjon for endringar i inntektssystemet med 400 mill kr frå 2011, av dette 57 mill kr til kommunar i Rogaland. Denne fordelinga ligg fast til neste revisjon av inntektssystemet (om lag kvart fjerde år). Vidare blei det i 2011 og 2012 fordelt 50 mill kr på landsplan til psykososial oppfølging etter hendingane 22. juli 2011. Desse midla skal vidareførast i 2013 og vil bli fordelt etter ein særskilt prosess. Rogaland har tidlegare fått 3,3 mill av denne ramma.

I Grønt hefte, tabell 1-k side 75, er fordelt kr 61 076 000. Kr 12 724 000 er ufordelt. Dette vil bli fordelt seinare, dels til språkdelingsgrupper i desember når nødvendige data ligg føre, og dels til utviklingsprosjekt neste år i juni med søknadsfrist i april.

Som i føregåande år er det lagt inn kompensasjon for kommunar som framleis har høgare sats for arbeidsgjevaravgift enn før omlegginga, etter berekningar frå departementet.

Dei viktigaste omsyna i tildelinga elles har vore kommunar med høge utgifter pr innbyggjar til ressurskrevjande tenester og kommunar som har særlege utfordringar når det gjeld rus/psykiatri. Kostnadsnøkkelen for rus/psykiatri blei lagt om i 2004 og kommunar som i særleg grad tapte på omlegginga har fått kompensasjon for dette. Profilen for kompensasjonen for særleg høge utgifter til ressurskrevjande er nokolunde den same som for 2012, men ajourførte data gjer at utslaga endrar seg noko. Desse utgiftene er svært ujamt fordelt og vi har derfor funne det rett å leggja ein viss kompensasjon til kommunar som har nettoutgifter pr innbyggjar godt over snittet. For rus/psykiatri er profilen for tildelinga den same som inneverande år.

For 2007 blei det lagt inn 2,5 mill kr til kommunar som tapte på innlemminga av tilskot til skyss av helsepersonell i rammetilskotet. Dette gjeld legevaktsamarbeidet i Ryfylke med kommunane Hjelmeland, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Frå 2008 er dette lagt til basisramma. Pga. stor kostnadsauke fordelte vi 3 mill ekstraordinært for 2009. Departementet har lagt dette inn i ramma frå 2010 og ekstratildelinga på dette punktet kan påreknast vidareført så lenge vilkåra er dei same, jf elles punkt 5 i retningslinjene frå departementet.

Det er også tatt omsyn til nokre kommunar som ”taper” på handlingsplanen eldre, dvs. at dei bygde ut institusjonsplassar rett før handlingsplanen blei vedtatt og dermed går glipp av støtta andre kommunar får.

Fordeling så langt, dvs. nærare spesifisering av beløp i Grønt hefte (1000 kr):

 

Ress. krev høge utg.

Psyk/rus

Skyss helse

Innt.svake

Etter skjøn elles

Komp. DAA

Sum ordinært skjøn 2013

Eigersund

 

 

 

 

1 900

 

1 900

Sandnes

 

 

 

 

 

 

0

Stavanger

 

 

 

 

 

 

0

Haugesund

 

6 000

 

 

8 00

 

6 8 00

Sokndal

 

 

 

 

 

 

0

Lund

 

 

 

 

 

 

0

Bjerkreim

 

 

 

 

 

 

0

 

 

 

 

 

 

0

Klepp

 

 

 

 

 

 

0

Time

 

 

 

 

 

 

0

Gjesdal

 

 

 

 

1 200

 

1 200

Sola

 

 

 

 

 

 

0

Randaberg

5 900

 

 

 

 

 

5 900

Forsand

 

 

 

 

 

 

0

Strand

 

1 000

 

 

1 900

 

2 900

Hjelmeland

 

 

1 400

 

 

 

1 400

Suldal

 

 

 

 

 

 

0

Sauda

 

1 000

 

 

900

6 393

8 293

Finnøy

 

 

2 500

 

2 400

3 485

8 385

Rennesøy

 

 

1 100

 

500

 

1 600

Kvitsøy

 

 

500

 

600

 

1 100

Bokn

 

 

 

 

 

 

 

Tysvær

6 200

 

 

 

 

 

6 200

Karmøy

 

 

 

4 000

500

 

4 500

Utsira

 

 

 

 

200

 

200

Vindafjord

 

 

 

 

1 300

9 398

10 698

Fordelt

12 100

8 000

5 500

4 000

12 200

19 276

61 076

Rest

 

 

 

 

 

 

12 724

Sum

 

 

 

 

 

 

73 800

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.