Nytt frå kommuneproposisjonen for 2014

Framlegg til revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2013 og kommuneproposisjonen for 2014 blei lagt fram 7. mai.  Her er vårt samandrag av hovudpunkta i framlegget.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2013

Endringar i det økonomiske opplegget for 2013:

Det er berre mindre justeringar for kommuneøkonomien i samband med Revidert nasjonalbudsjett.

Skatteoverslaget for kommunesektoren er uendra samanlikna med overslaget i statsbudsjettet i haust. Skatteinntektene for 2012 blei 0,7 mrd kroner høgare enn det som blei lagt til grunn  her. Når ein likevel ikkje oppjusterer overslaget for 2013 tilsvarande har det samanheng med at lønsvekstoverslaget for  2013 er nedjustert frå 4 til 3½ prosent på bakgrunn av lønnsoppgjeret. Nedjusteringa av lønsveksten avlastar kommunanes utgifter, men dreg også ned veksten i skatteinntektene. Etter ei samla vurdering er skatteoverslaget i 2013 ikkje endra.

Løns- og prisvekst:  I statsbudsjettet for  2013 blei kommunesektoren kompensert for overslag for pris- og lønsvekst (deflator) på 3,3 %. Dette bygde m.a på eit lønnsvekstoverslag på 4 %  i 2013. Sidan overslaget for lønsvekst nå  er redusert til 3 ½ % basert på ferdigforhandla lønsoppgjer blir deflatoren rekna til 3,0 % i  RNB 2013.  Nedjustering av deflatoren bidreg isolert sett til å trekkja opp den reelle inntektsveksten med 1 mrd. kr. Auken i kostnader pga demografiutvikling var anslått til 3,4 mrd i haust, dette er nå nedjustert med 0,6 mrd.

Det er nokre enkeltsaker i RNB som er relevante for kommunesektoren:

Auka minimumstilskot til ikkje-kommunale barnehagar: I statsbudsjettet 2013 blei det vedtatt å auka tilskotet frå 92 til 94 %  av det dei kommunale barnehagane får i offentleg finansiering, med verknad frå 1. august 2013. Nå føreslår ein at tilskotet blir auka ytterlegare til 96 % frå 1.8.13. Rammetilskotet til kommunane blir auka med 60 mill kr.

Tilskot til utleigebustader. Tilsegnsramma blir auka med 33 mill. kroner, til totalt 522 mill. kr. Det blir også varsla i kommuneproposisjonen at regjeringa vil styrkja tilsegnsramma med ytterlegare 67 mill kroner i 2014. Dette støttar opp under det boligsosiale arbeidet i kommunane ved at det kan gis tilsegn til endå fleire utleigebustader for flyktningar og andre vanskelegstilte grupper.

 Inntektsoverslag for kommunane 2013:

 

2012

Mill. kr

2013

Mill. kr

%. endr.

Skattar i alt

128 322

134 367

4,7

– av dette skatt på inntekt og formue

119 565

125 500

5,0

Rammetilskot

111 838

115 125

2,9

Sum frie inntekter

240 160

249 492

3,9

 Realveksten i 2013 er nå rekna  til om lag 0,9 % (2,1 mrd)

 Det økonomiske opplegget for 2014 - inntektsvekst.

Regjeringa føreslår ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2014 på mellom 6 og 6½ mrd. kroner. Av veksten vil mellom 5 og 5½ mrd. kroner vera frie inntekter. Dette tilsvarer ein realvekst  i frie inntekter i 2014 på  1,6 – 1,8 %. Det blir dermed lagt til rette for at utbygginga av kommunale tenester kan halda fram. Det er viktig å merkja seg at dette (som vanleg) er rekna frå RNB-nivå 2013.

Av veksten i frie inntekter blir det lagt opp til at fylkeskommunane får 1 mrd. kr, (av dette ½ mrd for fylkesvegar).  Kommunane får dermed ein vekst i frie inntekter på mellom 4 og 4½ mrd. kroner. Av denne veksten er 180 mill. kroner grunngitt med  behovet for å styrkja helsestasjons- og skulehelsetenesta som ei oppfølging av folkehelsemeldinga.

TBU har rekna meirutgiftene i kommunesektoren som følgje av den demografiske utviklinga til 3,3 mrd kr og KRD  anslår at om lag 2,8 mrd. kr av veksten i frie inntekter i 2014 vil gå med til å dekka auka demografikostnader. Av dette gjeld 2,5 mrd kr kommunane Inntektsveksten må også sjåast i samanheng med dette.

Pensjonspremiane har auka sterkt dei seinare åra. Premienivået vil vera høgt også i 2013 som følgje av at Finanstilsynet har pålagt pensjonsordningane å ta omsyn til auka levealder i pensjonssparinga.

Det høge premienivået i 2013 medverkar til ein vekst i dei rekneskapsmessige pensjonskostnadene for 2014. Kor sterk veksten i pensjonskostnadene vil bli er uvisst. Kostnadsveksten heng m.a. saman med innstramminga i berekningsføresetnadene for 2014, som departementet tek stilling til over sommaren.

Regjeringa vil i 2014 leggja inn ein realauke av integreringstilskotet på 250 mill. kroner. Dette vil betra  rammevilkåra for kommunane for busetjing av flyktningar.

Samhandlingsreforma har nå virka i vel eitt år, og erfaringane så langt er i tråd med måla for reforma. Men det er for tidleg å konkludera om alle sider ved kvaliteten i reforma. Pasientane blir i mindre grad enn tidlegare liggjande på sjukehus, og det blir fleire og betre tilbod i kommunane. 

Førebelse tal viser at utgiftene til kommunal medfinansiering blir om lag 5,1 mrd. kroner i 2012. Dette er om lag 120 mill. kroner høgare enn det som er overført kommunane frå sjukehusa. Regjeringa legg ikkje opp til etterskotsvis kompensasjon mellom anslåtte og faktiske utgifter til medfinansiering. Dette er i tråd med gjeldande prinsipp for kompensasjon til kommunesektoren ved reformer og oppgåveendringar, der kompensasjon blir gitt på bakgrunn av utgiftsoverslag i forkant av reforma. Det blir også vist til meirinntektene i 2012.

Ein tek sikte på å setja i verk ei plikt for kommunane til å sørgja for øyeblikkeleg hjelp døgnopphald frå 1.1.2016. Ein tek også sikte på ei gradvis innføring av kommunal medfinansiering og betaling for utskrivingsklare pasientar innanfor psykisk helsevern og rus så snart det lar seg gjennomføra. Helsedirektoratet har utgreia moglege modellar for kommunal medfinansiering av psykisk helsevern og rus. Helse- og omsorgsdepartementet vil arbeida vidare med desse spørsmåla.

Inntektssystemet: I samband med endringane i inntektssystemet  frå 2011, blei det fordelt 400 mill. kroner til kommunar som taper meir enn 100 kroner per innbyggjar på summen av endringane. Fordelinga vil liggja fast med same kronebeløp til neste revisjon av kostnadsnøkkelen. Regjeringa legg opp til at neste revisjon av kostnadsnøkkelen for kommunane blir lagt fram i kommuneproposisjonen for 2016, dvs i mai 2015.

Basisramma for skjønstilskot blir sett til 995,5 mill. kroner for kommunane, same nominelle nivå som i 2013. Frå 1. januar 2007 blei ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift (DAA) gjeninnført. Kommunar som har høgare sats på arbeidsgjevaravgifta enn dei hadde før omlegginga i 2004 kan få kompensasjon gjennom fylkesmannens skjønstildeling. Eventuelle endringer i avgiftssonene frå 1. januar 2014 vil kunna ha betydning for fastsetjing av fylkesrammene for 2014.

Som ledd i den nye strategien for innovasjon i kommunesektoren vil 100 mill. kroner av basisramma for skjønstilskot til kommunane bli fordelt på fylka 50/50 mellom tal innbyggjarar i fylket og talet på kommunar i fylket. Dette for å gi rom for innovasjonsprosjekt.

Innovasjonssatsinga må m.a. sjåast i samanheng med at utfordringane for kommunane vil bli større etter 2020. KRD har utarbeidd ei ny nettløysing:

Befolkningsframskriving - 2013 til 2040

Her blir kommunevise befolkningsframskrivingar og anslag på tenestemottakarar og arbeidskraft-behov innan pleie og omsorg, grunnskole og barnehage presentert.

Vi minner elles om Kommuneøkonomidagen onsdag 29. mai der kommuneproposisjonen er eit viktig tema.

Statsbudsjettet for 2014 blir lagt fram måndag 14. oktober.

Lenkje til Kommuneproposisjonen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.