Nytt frå Kommuneproposisjonen for 2015

Kommuneproposisjonen og forslag til revidert statsbudsjett 2014 blei lagt fram 14. mai. Dei viktigaste sakene er endringar i inntektssystemet og opplegget for arbeidet med kommunestruktur.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.05.2014

Endringar i det økonomiske opplegget for 2014

Skatteoverslaget for kommunane er sett ned  med  ca 1 mrd kr til 130,16 mrd kr i tråd med inngangen i 2013 og t.o.m mars i år. Skatteveksten er rekna til 3,0 % i høve til faktisk inngang i 2013. Samstundes er deflatoren nedjustert frå 3,1 til 3,0 % som følgje av at lønsvekstoverslaget er nedjustert frå 3,5 % til 3,3 %. Løn tel ca 2/3 av deflatoren.

Vekst samla og i frie inntekter er nedjustert med 0,4 mrd. Men samstundes har TBU redusert berekninga av demografikostnader med 0,5 mrd. kroner som følgje av lågare folketilvekst. Det  samla handlingsrommet er dermed i liten grad endra sidan 2014-budsjettet blei vedtatt.

Endringar elles:

Regjeringa føreslår å avvikla refusjonsordninga for barneverntiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar frå 1. januar 2015. Midla frå refusjonsordninga blir føreslått lagt over på det særskilte tilskotet som kommunane får ved busetjng av einslege mindreårige flyktningar.

Refusjonsordninga  blir avvikla for utgifter påløpt etter 2014, men det vil bli utbetalt refusjon i 2015 for utgifter påløpt i 2014 (siste frist for søknad om refusjon er 1. mai 2015).

Tilsegnsramma for tilskotet til utleigebustader blir føreslått styrka med 222,2 mill. kroner i 2014 (løyvinga blir auka med 100 mill. i RNB) . Dette gir rom for ytterligare 400-450 utleigebustader.

Kommuneopplegget for 2015

Det blir lagt opp til ein realauke i i kommunesektorens samla inntekter i 2015 på  4½ til 5 mrd. kroner. Av veksten vil mellom 4,2 og 4,5 mrd. kroner vera frie inntekter.

Ein må sjå inntektsveksten samanheng med auka utgifter for kommunesektoren som følgje av folketilvekst. TBU anslår at kommunesektoren kan få meirutgifter i 2015 på om lag 3,1 mrd. kroner knytt til den demografiske utviklinga. Departementet anslår at om lag 2,7 mrd. kroner av veksten i frie inntekter i 2015 vil gå med til å dekka slike meirutgifter.

Vidare reknar ein med ein vekst i rekneskapsmessige pensjonskostnader  på opp til ½ mrd. kroner i 2015. Anslaget er usikkert.

Den føreslåtte inntektsveksten legg til rette for styrking av det kommunale tenestetilbodet, både i omfang og kvalitet. I tillegg er det rom for ein meir effektiv ressursbruk i kommunesektoren. Dersom kommunesektoren klarer å ta ut effektiviseringspotensialet i sektoren, vil det kommunale tenestetilbodet kunna styrkast utover det som følgjer av inntektsveksten.

Det blir lagt opp til at fylkeskommunane får mellom ¼ og ½ mrd. kroner av veksten i frie inntekter og at mellom 3¾ og 4¼ mrd. kroner går til kommunane. Av denne veksten er 200 mill. kroner begrunna  i behovet for styrking når det gjeld rustiltak og psykisk helse og 200 mill. kroner i behovet for å styrka helsestasjons- og skolehelsetenesta.

Fordelingsnøklar:

  • Midlar til rustiltak blir fordelt etter sosialhjelpsnøkkelen
  • Midlar til psykisk helse blir fordelt etter helsenøkkelen
  • Helsestasjons og skolehelsetenesta,  fordelingsnøkkel som i 2014: tal innb. 0-19 år og med minstenivå 100 000 kr per kommune, fordeling blir vist i tab. C når den tid kjem.

 Det blir tatt sikte på å vidareføra dei øyremerka midla til barnevern i 2015.

Den kommunale medfinansieringa av utgifter til spesialisthelsetenesta til somatiske pasientar  blir avvikla frå 2015. Grunnlaget for overføring av midlar frå kommunane til helseføretaka vil bli basert på beste anslag for kommunanes faktiske utgifter til kommunal medfinansiering i 2015. Dette er i tråd med etablert praksis om overføring av midlar mellom forvaltningsnivåa i samband med oppgåveoverføringar.  

Uttrekket frå rammetilskotet i samband med auka kontantstøtte kan ha vore for stort i høve til faktisk etterspørselseffekt, men det kan også ha vore kompensert for mykje i samband med endringar i 2012 og 2013. Regjeringa vil derfor vurdera endringane i rammeoverføringa for kontantstøtte og foreldrebetaling i åra 2012-2014 samla, og i samarbeid med KS.

Endringar i inntektssystemet

Viktigaste endringa i 2015 er styrking av  veksttilskotet.  

Frå 2015 vil det i staden for dagens ordning med veksttilskot til kommunar som har hatt over 175 % av gjennomsnittleg årleg vekst for landet siste tre år (og skatteinntekter pr innb. under 140 % av landssnittet) bli føreslått innført følgjande ordning:

Det blir innført ei absolutt vekstgrense på 1,7 % i årleg gjennomsnitt siste 3 år. Satsen i kr per innbyggjar ut over vekstgrensa blir auka til kr  60 000 (kr 46 575 i år). Dette vil gi ei ordning som er meir føreseieleg og gir større utteljing for vekstkommunane. Veksttilskotet vil utgjera 344 mill i 2015 mot 61 mill i år. Auken blir  finansiert med eit trekk i innbyggjartilskotet. Det blir framleis ei skattegrense på140 % av landssnittet.

Teljetidspunktet for innbyggjartal (1. juli) blir vidareført som eit godt kompromiss mellom ulike omsyn.

Ordninga for distriktstilskot Sør-Noreg blir lagt noko om og basert på ny distriktsindeks utarbeidd i 2013.

Utslag for kommunar i Rogaland:

Veksttilskotet: 10 av kommunane ligg an til å få bortimot 99 mill kr samla, mot knapt 31 mill i år. Mest i Sandnes med 46 mill. sjå vedlagde berekning.

Distriktstilskot: Sokndal og Sauda har dette tilskotet i dag og ligg an til å få reduksjon med høvesvis ca 2 mill og ca 1,5 mill, før berekning av INGAR. Tabell, kva ein ville ha fått i år med ny ordning.

For begge berekningane gjeld at det vil vera førebelse tal, og basert på at Stortinget vedtek forslaget.

Kostnadsnøkkelen blir føreslått endra i 2015 som følgje av avviklinga av delkostnadsnøkkelen som blei innført med samhandlingsreforma. Endeleg kostnadsnøkkel vil bli presentert i statsbudsjettet for 2015

Det er lagt fram forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunane. For kommunane blir det lagt fram forslag til nytt inntektssystem i kommuneproposisjonen for 2017, dvs i mai 2016.

Forslag til statsbudsjett for 2015 blir lagt fram onsdag 8. oktober.

Kommunestruktur

Regjeringa ønskjer å  gjennomføra  ein kommunereform, med mål å få ei ny inndeling basert på dagens utfordringar og å tilføra kommunane nye oppgåver.

Hausten 2014 vil det bli sett i gong regionale prosessar med sikte på ein ny kommunestruktur. Alle kommunar vil bli invitert til å starta prosessar for å avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Reformperioden varer fram til nasjonale vedtak er fatta, innan 1. januar 2018.

Fylkesmannen vil få ansvar for å setja i gong dei regionale og lokale prosessane hausten 2014, i samarbeid med KS.

For kommunar som er samde om samanslåing og fattar kommunestyrevedtak i løpet av hausten 2015, vil departementet leggja til rette for at samanslåing skal kunna vedtas på nasjonalt nivå i løpet av våren 2016 og tre i kraft frå 1. januar 2018.

Våren 2017 vil det bli lagt fram proposisjon om ein samla kommunestruktur for heile landet. Det  vil bli lagt til grunn at enkeltkommunar ikkje skal kunna stansa endringar som er ønska og tenlege ut frå regionale og nasjonale omsyn. Departementet legg til grunn at samanslåingane som eit utgangspunkt vil bli sette i verk seinast frå 1. januar 2020.

Det blir føreslått to nye økonomiske ordningar i tillegg til dagens inndelingstilskot:

  • Dekning av eingongskostnader, 20 – 65 mill kr, etter talet på kommunar og innbyggjarar i den nye kommunen
  • Reformstøtte, til nye kommunar som får meir enn 10 000 innb, frå 5 til 20 mill kr. Erstattar dagens støtte til infrastrukturtiltak og kan nyttast fritt.

Våren 2015 er det planlagt å leggja fram ei stortingsmelding om nye oppgåver til større og meir robuste kommunar. Stortingsbehandling våren 2017.

Meir om bakgrunn, prosess, økonomiske ordningar m.v.  på nettstaden:

www.kommunereform.no

Lenkje til Kommuneproposisjonen

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.