Ny tilskotsordning til kommunar for unytta busetjingsplassar for einslege mindreårige flyktningar i 2016

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 blei det løyvt 20 millionar kroner til tilskotsordning for kompensasjon av kommunanes utgifter i 2016 knytt til førebuing av busetjing av einslege mindreårige flyktningar som ikkje blei busette.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.10.2017

Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar ordninga, men har bedt Fylkesmennene om å kunngjera ordninga og rapportera om fordelinga til den enkelte kommune.

Søknadsfrist: 1.11.2017
Målgruppe: Kommunar
Kven kan søkja: Kommunar som har vedtak om busetjing av fleire einslege mindreårige flyktningar enn dei som blei busette i 2016.

Nesten 1,2 millionar til Rogaland

Løyvinga er fordelt mellom embeta basert på tal frå IMDi over kommunanes vedtak om plassar for busetjing av einslege mindreårige flyktningar som ikkje blei brukt i 2016. Kr 1 189 000 skal tildelast kommunar i Rogaland.

Kommunane må sjekka om det er avvik

Fylkesmannens tildeling vil ta utgangspunkt i tala på kommunenivå frå IMDi. Fylkesmannen vil føreta korrigering i fordelinga mellom kommunane dersom det er avvik mellom IMDis tal og kommunens eigenrapporterte tal. Kommunane skal ikkje leggja fram særskilt rekneskap eller anna rapportering.


IMDi har tatt utgangspunkt i kommunanes vedtekne plasser per 31.12.2016 og har oppgitt følgjande tal for kommunane i Rogaland:

Kommunar Vedtekne busetjingsplassar for EMA som ikkje blei brukt i 2016
Eigersund 4
Sandnes 9
Stavanger 23
5
Gjesdal 5
Sola 14
Randaberg 6
Strand 5

 

Sjekk innan 1. november!

Kommunane har frist 1. november for å kvalitetssikra tal frå IMDi, og gi tilbakemelding til Fylkesmannen dersom tala ikkje er korrekte. Om det er kommunar som ikkje er på lista, men meiner dei kvalifiserer til å vera det, så ber vi også desse kommunane om å ta kontakt med Fylkesmannen. Send melding til postmottak eller kontakt kontaktpersonen (sjå lenkje til høgre).

Dersom kommunen ikkje gir tilbakemelding, vil Fylkesmannen leggja tal frå IMDi til grunn for fordeling av tilskot.

Regelverket for ordninga er fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet, og finst på departementets nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.